Bruk av tvang når pasientar er til fare for andre enn seg sjølv

Pasient- og brukarrettslova kapittel 4A gir helsepersonell mynde til å gjere tvangsvedtak berre i dei tilfella der pasienten sjølv risikerer å få «vesentleg helseskade» om helsehjelpa ikkje blir gitt.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.06.2022

Sidan dette regelverket berre gir mynde til å gjere vedtak der pasienten sjølv er utsett for helseskade, inneber dette at helsepersonell ikkje kan gjere tvangsvedtak etter dette regelverket når pasientane er til fare for andre. Dersom helsepersonell må nytte tvang mot ein person som er til fare for andre, må helsepersonellet sjå i andre delar av lovverket.

Andre alternative regelverk

Nødrett (straffelova paragraf 17) er ei handling som vanlegvis er straffbar. Denne er likevel lovleg når det er gjort for å redde liv, helse, eigedom eller annan interesse frå fare for skade som ikkje kan avverjast på annan rimeleg måte, og skaderisikoen er langt større enn skaderisikoen ved nødrettshandlinga.

Nødverje (straffelova paragraf 18) er ein vanlegvis straffbar handling som er lovleg når den er gjort for å avverje eit ulovleg angrep. Nødverja er lovleg når den ikkje går lenger enn nødvendig, og ikkje openbert går ut over kva som er forsvarleg under omsyn til kor farleg angrepet er, kva interesse som angriparen krenker og angriparens skuld er.

I både nødretts- og nødverjetilfella må helsepersonell vurdere om tvangen dei utøver, er forholdsmessig. Reglane kan berre nyttast i akutte situasjonar. Om kapittel 4A ikkje gir grunnlag for å bruke tvang mot pasienten, må kommunen vurdere tenestetilbodet til pasienten. Dette kan til dømes vere pasienten sitt omsorgsnivå, utforming av tenestetilbodet eller utgreiing i spesialisthelsetenesta.

Vi minner likevel om at regelverket i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 om tvang og makt overfor personar med psykisk utviklingshemming kan gi opning for å ha tvangsvedtak i situasjonar der pasientar med psykisk utviklingshemming er til fare for andre. Dersom personen har ei psykisk liding, kan psykisk helsevernlova heimle tvangsbruk i tilfelle der pasienten er til fare for andre personar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.