Oppmodar helsearbeidarar om å ta influensavaksine

Helsedirektoratet kjem no med ei tydeleg oppmoding om at helsearbeidarar vaksinerer seg mot årets influensa. Den låge vaksinasjonsgrada fører til auka press på helsetenesta og fleire i risikogruppene blir smitta.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.12.2022

Tal frå Helsedirektoratet viser at langt færre helsearbeidarar har teke influensavaksinen i år enn før. Helsedirektoratet er uroa over den låge vaksinasjonsdekninga.

I spesialisthelsetenesta har 41 prosent teke influensavaksine, medan talet for primærhelsetenesta er nede på 24 prosent. Folkehelseinstituttet forventar at influensasesongen i år vil starte i midten av desember.

Beskytt deg sjølv og pasientane dine!

Fleire pasientar som får influensa blir kvart år smitta av legar, sjukepleiarar, pleiemedhjelparar og andre som har pasientkontakt. Hovudårsaka til at det kan bli ein tøff influensasesong er, ifølge Folkehelseinstituttet (FHI), at det er venta influensavirus som ikkje har vore i omløp på fleire år. Dette er virus som vi har lite beskyttelse mot.

Om helsepersonell vaksinerer seg, blir risikoen for at dei smittar pasientar, kollegaer og eigen familie mindre. Ein kan vere smitta av influensa og smitte andre sjølv om ein har svake eller ingen symptom. Det er også viktig for kapasiteten i helsetenesta at færrast mogleg blir sjuke på ein gong.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.