Kor mange helsepersonell har fått AstraZeneca-vaksine i din kommune?

Vi treng raskt å få oversikt over kor mange helsepersonell i kvar kommune i Vestland som har fått første dose av AstraZeneca-vaksinen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.04.2021

Det er bestemt at personar som fekk AstraZeneca-vaksinen som dose 1 skal få tilbod om dose 2 med mRNA-vaksine. Det er ønskeleg at dose 2 skal settast innanfor det anbefalte intervallet for vaksinen frå AstraZeneca, som er 9-12 veker, og Folkehelseinstituttet (FHI) treng difor oversikt over kor mange dette gjeld.

Tal på innmelde vaksinasjonar tyder på at inntil 25 prosent av vaksinane ikkje er sett, og det er derfor behov for raskt å få oversikt frå kommunane over det faktiske talet vaksiner som er gitt for å sikre rett fordeling av vaksinedose 2. FHI har bede Statsforvaltarane om å bistå med å hente inn dei faktiske tala frå kommunane.

Vi har sendt ut skjema for tilbakemelding til kommuneoverlege og vaksinekoordinatorane i kommunane. Frist for å sende inn oversikt er tysdag 4. mai klokka 10.00.

FHI vil starte utsending av doser i veke 19, basert på det kommunane fekk i veke 7. Den første utsendinga vil kunne vere større enn det som faktisk vart sett i veke 7, og det må difor korrigerast for dette i vekene etter, slik at kommunane får den mengda mRNA-vaksiner dei treng for å få vaksinert alle som fekk første dose med AstraZeneca.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.