Bli med på markering av Håndhygienedagen

Foto: Illustrasjon: Tegnehanne.

Smittevern er livsviktig! Det siste året med covid-19 har gjort dette endå meir tydeleg for oss. 5. mai er verdas handhygienedag.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.04.2021

Handhygiene og bruk av personleg beskyttelsesutstyr er eit heilt avgjerande tiltak for å hindre smitte med covid-19 og andre smittsomme sjukdomar i helsetenesta. Men for at det skal ha best mogleg effekt, må det nyttast riktig og til rett tid.

Korrekt bruk av hanskar

Tema for årets dag er handhygiene og korrekt bruk av hanskar – med spesiell merksemd på isoleringsrom. Reine eingongshanskar beskytter mot smitte, når dei blir brukt på rett måte til rett tid. Bli med på ein innsats for å innarbeide riktig bruk av hanskar i helsetenesta.

Målgruppe er alt klinisk helsepersonell og reinhaldspersonell i helsetenesta. Deltakarar er både innan sjukehus, sjukeheim, heimeteneste, tannklinikk, tannlegekontor og andre einingar innan helsetenesta. Avdelingar i større institusjonar kan delta utan at heile organisasjonen er påmeldt.

Kva skjer?

  • Opne webinar om handhygiene og bruk av beskyttelsesutstyr 4.-6. mai
    • Helse- og omsorgstenester i privat bustad og private heimar i samlokaliserte omsorgsbustader (4. mai klokka 11.30-12.00)
    • Sjukeheimar (5. mai klokka 11.00 – 11.30)
    • Sjukehus (5. mai 12.00-12.30)
    • Helsetenester med ein-til-ein kontakt (6. mai klokka 11.30-12.00)
  • Ny undervisningsfilm om handhygiene og hanskebruk på isoleringsrom blir tilgjengeleg i slutten av april
  • Nye undervisningspresentasjonar tilgjengeleg for elektronisk nedlasting
  • Spørjeundersøking om bruk av hanskar i helsetenesta
  • Materiell er tilgjengeleg for bestilling og nedlasting: Plakatar, undervisingspresentasjonar og anna.

Les meir om alle aktivitetar og tilgjengeleg materiell på Folkehelseinstituttet si temaside om handhygiene, og i artikkelen om markeringa av 5. mai.  Der kan de også melde dykk på.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.