Revidert rettleiing om rådgjevande eining for russaker
Helsedirektoratet har oppdatert rettleiande materiell om rådgjevande eining for russaker.
Publisert 17.10.2022, Sist endra 16.02.2026
Materiellet inneheld no rettleiing om korleis eininga kan ha ein funksjon i det rusførebyggjande arbeidet.
Les meir på Helsedirektoratet sine sider: Rådgivende enhet for russaker - Helsedirektoratet
Frå 1. juli 2022 er kommunane pålagt å ha rådgjevande eining for russaker. Eininga kan organiserast slik kommunen sjølv meiner det er tenleg.
Eininga skal ha ansvaret for å møte personar når oppmøte er sett som vilkår for ein bestemt strafferettsleg reaksjon. Dette omfattar også å gjennomføre ein ruskontroll dersom dette er sett som vilkår.
Kontaktpersonar
-
Linda Svori
Tlf: 57 64 31 61 -
Mona Fauskanger
Tlf: 55 57 22 03