Ledige verv i Kontrollkommisjonen for Sandviken 1

I Kontrollkommisjonen for Sandviken 1 er tre verv ledige frå 1. januar 2026. Dei ledige verva er vara for brukar-/pårørandemedlem, lekmedlem og vara for lekmedlem. Søknadsfristen er 20. september 2025.

Publisert 19.06.2025

Oppnemningsperioden er 1. januar 2026 til og med 31. desember 2029.

Statsforvaltaren oppnemner medlemmer til kontrollkommisjonane for psykisk helsevern. Det skal vere ein kontrollkommisjon ved kvar institusjon der nokon er under psykisk helsevern.

Hovudoppgåva til kontrollkommisjonen er å sikre rettstryggleiken til den enkelte i møtet med det psykiske helsevernet. Kommisjonen kontrollerer tvangsvedtak, behandlar klager og fører velferdskontroll. Kommisjonen har faste møte.

Kontrollkommisjonen skal vere samansett i tråd med reglane i likestillings- og diskrimineringslova § 28. Ved oppnemning til offentlege utval skal begge kjønn vere representerte med minst to medlemmer når utvalet har fire til fem medlemmer. Dette gjeld også ved oppnemning av varamedlemmer.

Kultur- og likestillingsdepartementet kan gi dispensasjon frå kravet til kjønnsbalanse dersom det ikkje har vore mogeleg å finne kvalifiserte medlemmer av begge kjønn.

Kommisjonen har fire faste medlemmer, kvart medlem har ein personleg varamedlem.

Som medlem i kontrollkommisjonen kan du ikkje arbeide i det psykiske helsevernet eller ha andre bindingar til helseføretaket eller institusjonen som høyrer inn under kontrollkommisjonen. Du må ha interesse for psykisk helsearbeid og psykisk helsevern og like å samarbeide.

Krav til kvalifikasjonar til verv som lekmedlemmer

Kontrollkommisjonen skal ha to lekmedlemmer kvar med ein personleg varamedlem.

  • Vara for brukar-/pårørandemedlem skal enten sjølv ha vore under psykisk helsevern, vere eller ha vore nærståande til pasient, eller ha representert pasientinteresser i stilling eller verv.
  • Det er ingen krav til bakgrunnen til den andre lekmedlemmen og vara for vedkomande. Dei kan til dømes ha helse- eller sosialfagleg bakgrunn eller anna relevant erfaring for vervet.

Søknad

Send skriftleg søknad med følgjande opplysningar:

  • CV eller ei liknande oppstilling av utdanning og praktisk erfaring
  • kvifor du ønskjer å vere med i kontrollkommisjonen
  • opplysningar om du har vore medlem i kontrollkommisjon tidlegare, kva kommisjon dette var og kva periode/periodar
  • opplysningar om andre aktuelle engasjement og tilsettingar (for habilitetsvurdering)
  • namn på to personar som vi kan kontakte for referansar

Habilitet

I psykisk helsevernlova § 6-2 tredje ledd står det at: «Ingen kan være medlem av en kontrollkommisjon som skal føre tilsyn med tiltak og institusjoner for psykisk helsevern som vedkommende har noe ansvar for i sin vanlige stilling.» Helsedirektoratet seier vidare at medlem heller ikkje bør vere tilsett i det psykiske helsevernet.

Oppnemning

Vi gjennomfører intervju, dokumentkontroll og sjekkar referansar.

Oppnemninga er personleg.

Oppnemning til verv i kontrollkommisjon er å rekne som enkeltvedtak etter forvaltningslova.

Godtgjering for arbeid i kontrollkommisjonen

Arbeid i kontrollkommisjonen vert godtgjort per time etter reglane i psykisk helsevernforskrifta §§ 64 – 68. Satsen er rekna i prosent av salærforskrifta § 2. Reiseutgifter vert dekt etter særavtalen om dekking av utgifter til reise og kost innanlands. Nærare informasjon vert gitt ved oppnemning.

For utfyllande informasjon om kontrollkommisjonar og oppgåvene deira m.v., viser vi til informasjon på nettsida til Helsedirektoratet: Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern - Helsedirektoratet

Send søknad til Statsforvaltaren i Vestland, på e-post: sfvlpost@statsforvalteren.no eller per post til Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Ved innsending av søknad må du gjerne bruke «Send sikker melding», Send sikker melding til Statsforvaltaren | Statsforvaltaren i Vestland

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.