Evaluering av opptrappingsplanen for rusfeltet

Rapporten har fått tittelen «et tjenesteområde i utvikling». Den viser mellom anna at fleire personar med rusmiddelproblem opplever auka innflytelse på eige tenestetilbod, og dei får den hjelpa dei treng. Samtidig ser ein at det er store kommunale variasjonar, til tross for ei betydeleg satsing på rusfeltet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.06.2021

Rapporten er ein resultatrapport frå evalueringa av opptrappingsplanen for rusfeltet (Prop. 15 S (2015-2016)).

Hovudfunna i rapporten viser at Regjeringas mål om å styrke innsatsen på rusfeltet med 2,4 milliardar vurderast som å vera innfridd. Kapasiteten, kompetansen og utviklingsarbeidet i kommunane har auka. Når det gjeld dei fem hovudmåla i opptrappingsplanen og i kva grad desse er innfridd, varier det. Rapporten peika på at utviklinga i hovudsak har gått i rett retning, men den kan ikkje konkludera med at nokon av måla er fullt ut innfridd. Det er store kommunale variasjonar og eit generelt behov for at innsatsen held fram dersom ein skal få innfridd alle måla i planen. Rapporten har derfor fått tittelen «Et tjenesteområde i utvikling». Rapporten påpeikar at aktiviteten må vidareførast dersom alle med rusmiddelproblem og deira pårørande skal få eit godt tilbod.

Du kan lese meir om rapporten på Fafo si heimeside.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.