Nær 56 millionar til kompetanse- og tenesteutvikling i kommunane
Kommunar, universitet og Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Vestland søkte om til saman nær 115 millionar. No er midlane fordelte.
Tilskotsramma frå Helsedirektoratet til kompetanse- og tenesteutviklingstilskotet var i 2025 på 45,4 millionar kroner for Vestland. Kommunar, saman med universitet og Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) søkte om til saman nær 115 millionar kroner. Nokre av midlane som er delt ut er overført frå året før, så til saman vart det delt ut nær 56 millionar.
Tilskotsordninga skal bidra til å redusere mangelen på fagutdanna personell i omsorgstenestene, og leggje til rette for at kommunane kan møte framtidige behov på ein berekraftig måte. Midlane skal støtte tiltak som gir fleire tilsette relevant fagutdanning, styrker rekrutteringa til omsorgstenestene, aukar kompetansen innan psykisk helse og rus og fremjar utvikling av nye løysingar på tvers av fag og sektor.
I tillegg skal midlane medverke til at kommunane organiserer tenester, oppgåver og ansvar på ein måte som sikrar best mogleg utnytting av tilgjengeleg personell og kompetanse. Strategisk kompetanseplanlegging er eit viktig verkemiddel i dette arbeidet.
Ordninga inngår i den nasjonale satsinga Kompetanseløft 2025, Opptrappingsplan for heiltid og god bemanning, og skal støtte opp under målet om heilskaplege og berekraftige omsorgsteneste.