Korleis står det til med helse- og omsorgstenestene til eldre?
Helsedirektoratet har utarbeidd ei ny statistikkvisning, Eldrebarometeret, som viser korleis det står til med helse- og omsorgstenestene til eldre i kommunane.
Publisert 30.06.2025
Målet er å gje ei oversikt over kvaliteten i helsetenestene til eldre i kommunane, basert på eit utval nøkkeltal. Dette skal gje eit felles kunnskapsgrunnlag for å jobbe med å forbetre tenestene. Nøkkeltala er henta frå datakjelder som helseregistre, KOSTRA, bedrekommune.no og Folkehelseinstituttet.
Du finn Eldrebarometeret på heimesida til Helsedirektoratet: Eldrebarometeret - Helsedirektoratet