Utbetaling av sosialstønad treng ikkje følgje kalendermånaden

Sosialtenestelova har ikkje reglar om kor lang periode sosialstønad skal gjelde for, men til vanleg kan det vere føremålstenleg å utbetale slik stønad for ein månad om gangen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.04.2022

Det er vanleg at inntekter som løn og pensjon blir betalt ut ein gang per månad. Dessutan blir mange større utgifter, som for eksempel husleige, som oftast betalt for ein kalendermånad. Vi ser at også Nav til vanleg bereknar inntekter og utgifter for ein månad om gangen når dei behandlar søknader om sosialstønad.

Alternativ stønadsperiode

I nokre tilfelle kan det vere føremålstenleg at Nav gir sosialstønad for periodar som er kortare eller lengre enn ein månad. Nav skal vurdere søknader om sosialstønad ut frå situasjonen på søknadstidspunktet og framover i tid, og då passar det ikkje alltid å bruke kalendermånader.

Andre stønadsperiodar enn kalendermånader kan for eksempel vere aktuelt når den som søkjer om sosialstønad har inntekt som varierer frå månad til månad. Nav må i tilfelle grunngje kvifor dei vel å nytte ein alternativ stønadsperiode, og Nav må sjå både utgifter og eventuelle inntekter i stønadsperioden i samanheng.

Nav kan likevel berekne gjennomsnittleg månadsinntekt når inntekta varierer frå månad til månad, og Nav likevel finn det føremålstenleg å berekne stønadsbehov per månad. Vi ser at Nav gjer dette når den som søkjer sosialstønad får utbetalt ei fast pengeyting kvar fjortande dag, som for eksempel arbeidsavklaringspengar og dagpengar. I slike tilfelle er det vanleg at Nav reknar utbetalinga om til årsløn, og så deler på 12 for å få eit beløp som svarar til månadsinntekt.

Faktisk situasjon

Nav skal vurdere søknader om sosialstønad ut frå sosialhjelpssøkjarens faktiske situasjon på søknadstidspunktet og framover i tid. Dette medfører at Nav ikkje kan leggje avgjerande vekt på forhold frå tida før dei fekk sosialhjelpssøknaden, eller på korleis sosialhjelpssøkjarens situasjon burde eller kunne ha vore.

Når inntekter eller større utgifter varierer frå månad til månad er det vanleg at ein legg til side pengar dei månadene ein har romsleg økonomi, slik at ein har til å dekkje utgiftene i månader der inntektene er små eller utgiftene store. Dette gjeld for folk flest, og det gjeld for dei som søkjer om sosialstønad. Ein kan altså ikkje utan vidare rekne med hjelp frå Nav i månader med stram økonomi, dersom økonomien elles er god.

«Burde ha spart pengar»

Samtidig kan ikkje Nav leggje til grunn at ein som søkjer om hjelp ikkje treng sosialstønad fordi vedkomande hadde hatt pengar dersom ho eller han hadde spart.

Nav kan altså ikkje avslå ein søknad fordi søkjaren kunne ha spart pengar i førre månad, til dømes dersom vedkomande då hadde brukt så lite at det svarar til kommunens sosialhjelpssats. Dersom den som søkjer om sosialstønad er utan pengar og utan mat, skal Nav hjelpe søkjaren slik at vedkomande får det mest nødvendige av mat og hushaldsartiklar.

I klagesaker har vi sett at einskilde Nav-kontor har lagt til grunn eit «tenkt overskot» frå førre månad, altså at søkjaren hadde hatt ein viss sum pengar att dersom ho eller han hadde levd på nivå med kommunens sosialhjelpssats i månaden før. I slike tilfelle vil vi som klageinstans til vanleg oppheve vedtaket, og be Nav vurdere søknaden ut frå faktisk situasjon på søknadstidspunktet og framover i tid.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.