Statsforvaltaren er ikkje klageinstans for eigendel på mellombelse butilbod

Når Nav krev eigendel for opphald på hospits eller campinghytte, så er ikkje eigendelskravet noko som er regulert etter sosialtenestelova, og difor er ikkje statsforvaltaren klageinstans.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.11.2021

Dei som ikkje har nokon stad å bu, og som ikkje sjølv klarar å finne ein stad å overnatte, har rett på hjelp frå Nav. Nav har plikt til å finne ein stad dei kan bu, men Nav har ikkje utan vidare plikt til å betale heile kostnaden for det mellombelse butilbodet.

Ofte gjev Nav tilbod om opphald på hospits eller campinghytte. Dei som har pengar eller inntekt må sjølv betale for butilbodet, anten heilt eller delvis. Dette gjeld til dømes dei som har uførepensjon.

«Garanti» er ikkje regulert etter sosialtenestelova

I slike tilfelle har nokre kommunar praksis for å «stille garanti» overfor den som eig, eller driv, butilbodet. Nav betalar då heile kostnaden for opphaldet, og krev eventuell eigendel inn frå den bustadlause.

I slike tilfelle legg vi til grunn at verken «garantien» eller avgjerda om eigendel er regulert etter sosialtenestelova. Nav skal difor ikkje vise til denne lova og heller ikkje til at statsforvaltaren er klageinstans, og dei skal ikkje registrere garantisummen som sosialhjelp.

Økonomisk stønad

Dersom vedkomande ikkje har økonomi til å betale heile opphaldet sjølv, skal Nav gje økonomisk stønad etter sosialtenestelova til å dekke det vedkomande ikkje kan betale sjølv. Nav må i denne samanheng få klårt fram at dei ikkje vil dekke heile kostnaden. Nav må avklare kva den bustadlause må betale sjølv, anten eigenbetalinga skjer med ein «garanti», gjennom lån frå kommunen eller med rekning frå utleigar eller huseigar.

Når Nav ikkje dekker heile kostnaden med stønad etter sosialtenestelova, vil sosialhjelpssøkjaren kunne klage på vedtaket. Dette vil vere ein klage etter sosialtenestelova, og statsforvaltaren er klageinstans for slike klager. Det er altså det delvise avslaget vi er klageinstans for, ikkje for tilbodet om «garanti».

Her kan du lese direktoratets brev om eigendel for mellombelse butilbod.

Her kan du lese vårt brev til Bergen kommune om eigendel for mellombelse butilbod.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.