Statlege rettleiande retningslinjer for økonomisk stønad

Arbeids- og sosialdepartementet har kome med nytt rundskriv om rettleiande sosialhjelpssatsar for 2021, gjeldande frå 1. januar; Rundskriv A-2/2020.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.01.2021

Det som er nytt sett opp mot førre rundskriv, Rundskriv A-1/2020, er at dei rettleiande satsane er oppjusterte med 3,5 prosent i tråd med anslaget for vekst i konsumprisane i nasjonalbudsjettet for 2021.

Rettleiande satsar erstattar ikkje individuelle vurderingar

Statsforvaltaren minner om at rettleiande satsar er eit utgangspunkt for ei konkret og individuell vurdering av søknadar om økonomisk stønad etter sosialtenestelova, sjå rundskriv 35 punkt 4.18.1.5. Satsane må ikkje erstatte konkrete, individuelle vurderingar under handsaming av søknadar om økonomisk stønad.

Barns behov

Statsforvaltaren minner og om at om ein sosialhjelpsmottakar har barn, skal det takast særleg omsyn til barna sine behov, sjå rundskriv 35 punkt 4.18.2.6. Dette inneber at Nav-kontora og må gjere individuelle vurderingar om satsane for barnetillegg frå rundskriv A-2/2020 vil vere tilstrekkeleg eller ikkje i den konkrete saka.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.