Sosialstønad til buutgifter

Statsforvaltaren i Vestland får ein del spørsmål om sosialstønad til buutgifter, både frå tilsette ved Nav og frå personar som søkjer Nav om hjelp. I tillegg er buutgifter ofte tema i klagesaker som vi behandlar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.04.2021, Sist endret 23.04.2021

Løpande utgifter til bustad ligg i kjerneområdet for livsopphaldet. Dette gjeld primært husleige, straum og innbuforsikring. Nav har plikt til å gi sosialstønad til å dekke slike utgifter, dersom ein ikkje har pengar til å dekke utgiftene sjølv, og dei andre kriteria for rett til sosialstønad er oppfylt.

Arbeids- og velferdsdirektoratet har fått i oppgåve å tolke sosialtenestelova, og deira tolkingar er samla i rundskriv 35. Buutgifter er omtalt under punkt 4.18.2.42 i rundskrivet. Omtalen er ikkje uttømmande, og vi har fått svar på nokre uavklarte spørsmål frå direktoratet.

I brev dagsett 2. mai 2018 svarte Arbeids- og velferdsdirektoratet på desse fire spørsmåla:

  1. Kan Nav sjå heilt bort frå husleiga dersom leigenivået er høgare enn eit rimeleg og nøkternt nivå, utan å gå vegen om å setje vilkår om å redusere buutgiftene?
  2. Har det i tilfelle betyding om sosialhjelpssøkjaren nett har flytta inn i husværet, sett i høve til om vedkomande har hatt denne husleiga over tid og klart å betale?
  3. Dersom Nav må gå vegen om å setje vilkår om at vedkomande må redusere buutgiftene, må då Nav rekne heile husleiga som utgift ved utmåling av sosialstønad i områings-perioden, eller kan Nav redusere stønad til husleige på eit rimeleg og nøkternt nivå?
  4. Vi legg til grunn at Nav kan redusere stønaden til husleige dersom ein sosialhjelpsmottakar ikkje oppfyller vilkår om å redusere buutgiftene, men kan Nav i eit slikt tilfelle avslå stønad til husleige heilt? Eller må Nav i eit slikt tilfelle gi stønad til husleige på eit rimeleg og nøkternt nivå, altså til ein del av husleiga?

Vi tek utgangspunkt i direktoratets lovtolkingar når vi svarar på spørsmål og når vi behandlar klagar.

Trykk her for å lese kva direktoratet svarte oss.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.