Sosialhjelp til britiske statsborgarar

EØS-reglane for lovleg opphald i Noreg gjeld ikkje lenger for britiske borgarar, og det kan få verknad for retten på sosialhjelp.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.04.2021, Sist endret 26.04.2021

Statsforvaltaren i Vestland har fått spørsmål frå fleire Nav-kontor om kva reglar som gjeld, no etter brexit, for sosialhjelp til britiske statsborgarar.

Reglane for "tredjelandsborgarar" gjeld

Sosialhjelp etter sosialtenestelova er ikkje regulert i avtalen om sosial trygd mellom Noreg og Storbritannia. Svaret vårt er difor at britar etter ein overgangsperiode som gjekk ut 31. desember 2020, kjem inn under dei same reglane som såkalla tredjelandsborgarar, når det gjeld søknader om sosialhjelp. Utlendingsdirektoratet skriv om dette at «For britiske statsborgere og deres familiemedlemmer som ønsker å bosette seg i Norge etter overgangsperiodens utløp, gjelder det ordinære regelverket for innvandring fra land utenfor EU/EØS.»

Lovleg opphald i Noreg er eit at krava for å kunne ha fulle rettar på sosialhjelp. Når EØS-reglane ikkje lenger gjeld for britiske borgarar, må Nav altså avklare om britiske borgarar har lovleg opphald på same måte som for andre tredjelandsborgarar. Utgangspunktet er at britiske borgarar no må ha opphaldsløyve for å ha lovleg opphald i Norge, og Nav kan derfor be britiske sosialhjelpssøkjarar dokumentere at dei har dette.

Mellombels unntaksregel

Det gjeld ein mellombels unntaksregel for britar som budde i Noreg og hadde opphaldsrett ved utløp av ein overgangsperiode som gjekk ut 31. desember 2020. Desse har rett til opphald ut 2021, og dei har tid på seg fram til 31. desember 2021 til å søkje om lenger opphaldsløyve. Utover dette må vi hjå Statsforvaltaren svare Nav-kontora at det som står om EØS-borgarar i rundskriv 35 og i rettleiaren for Nav ved vurdering av lovleg opphald for EØS-borgarar, ikkje gjeld for britar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.