Sjølvstendig næringsdrivande kan ha rett på sosialstønad

Nav kan ikkje krevje at ein sosialhjelpssøkjar skal komme i skattegjeld eller liknande ved å bli vist til å nytte midlar frå firmaet/selskapet sin konto til dekning av livsopphald.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.12.2020

Sosialtenestelova føreset at ein må bruke alle dei pengane ein rår over før ein kan ha rett på sosialstønad frå Nav. Dette gjeld i utgangspunktet også for personar som driv enkeltpersonføretak og annan næringsverksemd for eiga rekning og risiko. I slike tilfelle er vedkomande fullt ut ansvarleg for føretaket sine forpliktelsar, også med si private formue.

Arbeids- og velferdsdirektoratet si lovtolking

Arbeids- og velferdsdirektoratet er gitt i oppgåve å tolke sosialtenestelova. Direktoratet presiserte i ei uttale frå september 2018 at Nav ikkje kan krevje at ein sosialhjelpssøkjar skal komme i skattegjeld eller momsgjeld ved at Nav krev at vedkomande må nytte pengar frå føretaket sin konto til dekning av livsopphald.

Uttalen frå direktoratet medfører at Nav må klarleggje kva konsekvensar eit krav om å bruke føretakets pengar får når det gjeld skatt og moms og eventuelle andre forpliktingar, før Nav behandlar søknader om sosialstønad frå personar som driv enkeltpersonføretak og liknande. I samsvar med direktoratets lovtolking kan som nemd ikkje Nav «krevje at ein søkjar skal komme i skattegjeld eller liknande ved å bli vist til å nytte middel frå firmaet/selskapet sin konto til dekning av livsopphald».

Sjå under fana "Dokument" for å lese heile direktoratets lovtolking.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.