Rettar etter sosialtenestelova for personar frå land utanfor EU/EØS

Personar frå land utanfor EU/EØS-området har rett på tenester etter sosialtenestelova dersom dei har opphaldsløyve i Noreg for eitt år eller meir, og elles fyller kriteria for å få sosiale tenester.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.02.2021

For dei med kortare opphaldsløyve må Nav-kontoret vurdere kvar sak for seg, og leggje vekt på lengde og føremål for opphaldet, om vedkomande har familie i Noreg, har betalt skatt i Noreg og anna som tyder på etablering her i landet.

Vi har sett at einskilte Nav-kontor har vurdert at personar frå land utanfor EU/EØS-området ikkje har fast bopel i riket, og difor heller ikkje har rett på sosialstønad, sjølv om vedkomande har opphaldsløyve i Noreg for eitt år eller meir. Det kan ikkje Nav-kontoret gjere. Hovudregelen er at alle som oppheld seg i Noreg har fulle rettar etter sosialtenestelova, med mindre forskrifta seier noko anna.

Reglane i sosialtenestelova gjeld fullt ut

Det dåverande Arbeidsdepartementet skreiv i april 2011, i høringsnotatet til «Utkast til forskrift til lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen», at:

«Dersom en utenlandsk borger som oppholder seg i Norge søker om tjenester, og ikke tilhører noen av de gruppene som er gitt begrensede rettigheter i forskriften, gjelder lovens bestemmelser fullt ut for vedkommende.»

Departementet meinte at eit opphaldsløyve på eitt år eller meir inneber at personen har bopel i Noreg, og såleis fulle rettar etter sosialtenestelova. Dei med kortare opphaldsløyve enn eitt år har færre rettar etter sosialtenestelova. Departementet skreiv i det nemnde høyringsbrevet at:

«Borgere fra land utenfor EØS-området kan få ulike typer oppholdstillatelser i Norge. En tillatelse som innebærer at vedkommende kan oppholde seg lovlig i landet i ett år eller mer, innebærer etter departementets mening at personen må anses som å ha bopel i Norge, og dermed rett til tjenester etter loven. For kortere tillatelser må det foretas en konkret vurdering hvor det legges vekt på oppholdets lengde og formål, om vedkommende har familie i Norge, ev skatteplikt til Norge og andre indikasjoner på etablering i landet.»

Kortare opphald enn eitt år

For dei med kortare opphaldsløyve enn eitt år kan Nav-kontoret vurdere om søkjaren har bopel i Noreg. Det er lengda på løyvet som er gitt som avgjer om Nav-kontoret skal gjere ei slik bopelsvurdering, og ikkje tida som er att av løyvet.

Opphaldsløyve kan vere gitt med krav om at ein familiemedlem skal forsørgje personen. Dersom vedkomande likevel ikkje vert forsørgd, kan vedkomande likevel ha lovleg opphald og fast bopel. 

Unntak

Personar med opphaldsløyve som er gitt med eit bestemt føremål og har bestemt tidslengd, til dømes studieopphald og au pair-løyve, har ikkje fast bopel, sjå punkt 1.2.2.1 i rundskriv 35. Desse personane har som utgangspunkt ikkje rett på tenester etter lova, med unntak av opplysning, råd og rettleiing, og når dei er i ein naudssituasjon og ikkje kan sørge for sitt livsopphald. 

Reglane føreset at turistar og andre som oppheld seg kortvarig i Noreg skal sørgje for sitt livsopphald med eigne midlar.

Hjelp frå familien?

Det er vesentleg skilnad i kva rett til sosialhjelp ein utlending har avhengig av om vedkomande har bopel i Noreg eller ikkje.

Personar som ikkje har bopel kan ha rett til avgrensa stønad til fram til vedkomande kan forvente å få pengar frå kjelder i heimlandet, til vanleg frå familie eller vener. Etter at ein må kunne forvente at personen har fått pengar frå familien, har vedkomande ikkje lenger krav på sosialstønad.

Dersom ein person har bopel og same rett til sosialhjelp som norske borgarar, kan ikkje Nav krevje at vedkomande ber familie og vener forsørgje seg. Unntaket er ektefeller som har gjensidig forsørgingsplikt og barn og unge når foreldra har forsørgingsplikt.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.