Pliktar Nav å gi barnetillegg som del av sosialhjelpa?

Ved utmåling av sosialhjelp til søkjarar med barn, må Nav ta omsyn til at søkjaren har barn. Kommunane nyttar barnetillegg, men nokre av dei kuttar tillegget etter barn nummer tre med grunngjeving i at store familiar har stordriftsfordelar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.09.2021

Retningsliner for sosialhjelp og sosialhjelpssatsar for livsopphaldsutgifter kan sikre likebehandling av sosialhjelpssøkjarar. Samstundes skal Nav utgreie og vurdere kvar søknad konkret og individuelt.

Sosialhjelpssatsar og barnetillegg

Sosialhjelpssatsane er delt opp i satsar for einslege og for sambuarar/ektefellar, i tillegg til eigne satsar for barn. Barnetillegga er til vanleg høgast for dei eldste barna. Mange kommunar har valt å følgje statens rettleiande satsar. Ikkje alle typar utgifter er medrekna, til dømes buutgifter.

Sjølv om kommunane har slike satsar, skal Nav alltid kartlegge kvar søkjars livssituasjon og behov konkret og individuelt. Dersom kartlegginga avdekker at søkjaren treng meir, eller mindre, pengar enn summen i satsen for å ha nok pengar til alle nødvendige levekostnader, skal Nav legge dette til grunn ved vurdering av søknaden. Også barn kan ha forskjellige behov, og Nav skal derfor auke eller redusere barnetillegget i samsvar med barnas behov. Nav skal ta særleg omsyn til barnas behov i alle vurderingar, og stønaden må vere stor nok til at familien får dekt sine nødvendige utgifter til eit forsvarleg livsopphald. Nav må alltid ta omsyn til at eit mål med sosialhjelpa er at mottakarane på sikt skal bli sjølvhjelpte.

Direktoratets lovtolking

Arbeids- og velferdsdirektoratet har i oppgåve å tolke sosialtenestelova. I eit brev publisert på Nav si heimeside, om utmåling av barnetillegg i store barnefamiliar, skriv dei blant anna:

«Arbeids- og velferdsdirektoratet vil presisere at det også i slike tilfeller må foretas konkrete og individuelle vurderinger. Det er ikke tilstrekkelig å vise til at det foreligger «stordriftsfordeler» i en individuell vurdering. NAV-kontoret må vurdere og begrunne hvordan en eventuell stordriftsfordel vil slå ut i det konkrete tilfellet. NAV-kontoret kan for eksempel ikke uten videre legge til grunn at klær og utstyr kan arves mellom søsken.» og «Bakgrunnen for at NAV-kontoret har vurdert at familien har tilstrekkelig med midler til sitt livsopphold på søknadstidspunktet må være synlig i vurderingen.»

Direktoratets brev om utmåling av barnetillegg i store barnefamiliar.

Kommunale retningsliner

Dei to største kommunane i Vestland, Bergen og Øygarden, har retningsliner som seier at Nav skal kutte barnetillegga etter barn nummer tre. Det er barnetillegget for dei yngste barna dei kuttar.

Sidan Nav skal vurdere kvar søknad individuelt og konkret, skal dei innvilge meir eller mindre enn sosialhjelpssatsen når det er grunnlag for dette. Nav skal sjå til at alle familiemedlemmane sine behov vert dekt på ein forsvarleg måte, og kan redusere stønaden til familien dersom dei ser at familien har stordriftsfordelar. Det medfører at Nav ikkje alltid må innvilge barnetillegg for alle barna i familien.
Nav må greie ut kva behov alle medlemmane i familien har, og kan ikkje sjå bort frå nødvendige utgifter til eitt eller fleire av barna. Dersom Nav legg til grunn at familien har stordriftsfordelar, må dei i grunngjevinga for vedtaket forklare konkret kva dette går ut på.

Stordriftsfordelar

Stordriftsfordelar inneber blant anna at fleire personar bruker dei same forbruksgjenstandane og nyter godt av utstyr og tenester som er felles, og at dei som bur saman av den grunn har reduserte utgifter. Når fleire bur saman kan dei også spare pengar ved å handle inn til dømes matvarer i store kvanta.

Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) har laga budsjett for alminnelege forbruksutgifter for ulike typar hushald, og SIFO reduserer sine livsopphaldssatsar med 20 prosent for alle familiemedlemmar utanom dei tre eldste. I familiar med to vaksne vil dette få verknad frå og med det andre barnet. Det betyr at SIFO reknar med innsparing, men ikkje på langt nær så stor innsparing at dei kuttar einskilde familiemedlemmars utgifter i sin heilskap.

SIFO legg til grunn at mat og drikke er den største enkeltutgifta som barnetillegg skal dekke, og dette bør gjelde for Nav også. Ein kjem ikkje utanom at det er større matutgifter når ein har fleire barn. Eit barns behov for mat og drikke endrar seg ikkje etter kor mange søsken barnet har. Stordriftsfordelane er derfor ganske avgrensa når det gjeld mat og drikke.

Nav må utgreie grundig

Det er altså ikkje i strid med sosialtenestelova om Nav reknar med stordriftsfordelar, men Nav kan ikkje gjere dette ved berre å nytte generelle retningsliner og faste satsar. Nav må sikre at kvar einskilt familie faktisk får tilstrekkeleg stønad til eit forsvarleg livsopphold.

Nav må sikre at store barnefamiliar ikkje vert forskjellsbehandla samanlikna med små barnefamiliar. Dersom Navs barnetillegg er nøyaktig det same i seksbarnsfamiliar som i trebarnsfamiliar, utan at Nav har gjort ei utgreiing som viser at det ligg føre så store stordriftsfordelar, tilseier det at Nav har forskjellsbehandla seksbarnsfamilien samanlikna med trebarnsfamilien.

Når Nav reknar med hundre prosents stordriftsfordel for barn nummer fire, fem, seks og sju, må dei sannsynleggjere og synleggjere at familien har så stor reell innsparingsmoglegheit. I slike tilfelle har Nav eit særleg ansvar for å vise korleis familien har pengar nok til livsopphald på eit forsvarleg nivå. Nav må altså gjere ei omfattande saksutgreiing når dei kuttar barnetillegg heilt. Ved tilsyn og i behandling av klager legg Statsforvaltaren til grunn at kravet til kartlegging av individuelle behov er skjerpa når Nav kuttar barnetillegget for nokre av familiens barn.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.