Nye tolkingsbrev om sosialtenestelova

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har skrive to avklaringsbrev som får konsekvensar for sosialhjelp til EØS-borgarar. Arbeids- og velferdsdirektoratet har skrive fire brev der dei avklarar spørsmål om sider ved sosialtenestelova.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.01.2023

Breva er skrivne som svar på spørsmål frå statsforvaltarar. Breva avklarar korleis Nav og statsforvaltarane skal praktisere regelverket. Lenkjer til breva finn du under «Dokument».

Sosialhjelp til EØS-borgarar

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har i brev datert 3. november 2022 slått fast at Nav må vurdere om sosialhjelpssøkjarar frå EØS-land har lovleg opphald, fordi EØS-borgarar som ikkje har lovleg opphald i utgangspunktet ikkje har rett til anna hjelp frå Nav enn opplysning, råd og rettleiing. Nav må derfor bruke reglane i utlendingslova for å avgjere om EØS-borgarar har rettar etter sosialtenestelova.

I brev datert 2. desember 2022 skriv departementet at det er skilnad på retten til sosialhjelp for EØS-borgarar som er mellombels arbeidsufør og dei som er varig arbeidsufør. EØS-borgarar som vert varig arbeidsufør mister i utgangspunktet statusen som arbeidstakar, noko som kan føre til at dei mister retten til full sosialhjelp. Departementet peikar på at arbeidstakarar frå EØS-land som har opphalde seg i Noreg i meir enn to år og vert varig arbeidsufør får varig opphald i Noreg, og det same gjeld dersom dei vert ufør på grunn av arbeidsulykke eller yrkessjukdom. Det at EØS-borgarar har rett til varig opphald får direkte innverknad på retten deira til hjelp etter sosialtenestelova.

Refusjon i etterbetalte trygdeytingar

I brev datert 12. september 2022 skriv direktoratet mellom anna at Nav berre kan krevje refusjon i folketrygdytingar som vert etterbetalt, ikkje i løypande ytingar. Folketrygdlova opnar for å utsette utbetaling av både etterbetaling og løypande ytingar i tre veker i påvente av refusjonskrav, men praksis er at det berre er utbetaling av etterbetaling som vert utsett.

Trevekersfristen i folketrygdlova

I brev datert 3. november 2022 skriv direktoratet at berekning av trevekersfristen for refusjonskrav i folketrygdytingar som vert etterbetalt startar frå det tidspunktet etterbetalinga er berekna og klar til utbetaling, og ikkje frå datoen for avgjerd i trygderetten.

Husleigedepositum og stønadsform

I brev datert 20. oktober 2022 presiserer direktoratet at det ikkje er noko i vegen for at Nav kan gi sosialhjelp til husleigedepositum i form av lån, som skal betalast tilbake når leigetida er slutt og pengane vert frigitt frå depositumskontoen.

Delegasjon av saksførebuing og vedtaksmyndigheit til private

I brev datert 23. september 2022 skriv direktoratet at obligatoriske tenester etter sosialtenestelova ikkje kan organiserast utanfor Nav. Det er Nav som har vedtaksmyndigheit, og kommunane kan ikkje delegere denne til personar, verksemder eller andre utanfor Nav.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.