Når prisauken veltar privatøkonomien

Renteauke og høge prisar på mellom anna straum, mat og andre daglegvarer har ført til at mange slit med økonomien. Nav kan ofte hjelpe når økonomien kollapsar.

Publisert 26.08.2022

Nav forvaltar både trygdeytingar og tenester som til dømes sosialhjelp og økonomisk rådgjeving.

Sosialhjelp når du ikkje har nok til daglege utgifter

Sosialhjelpa er eit økonomisk tryggingsnett for personar som ikkje har tilstrekkeleg med pengar til eit forsvarleg livsopphald. Arbeids- og velferdsdirektoratet har i eit brev til Statsforvaltarane peika på prisvekstens betydning for utmåling av økonomisk sosialhjelp. Vi har vidareformidla innhaldet i brevet til alle kommunane i vårt fylke.

Sosialhjelpa er ikkje berre for dei som er heilt utan inntekt. Også familiar og enkeltpersonar med låg arbeidsinntekt eller trygd kan ha krav på sosialhjelp, når pengane ikkje strekk til. På nav.no kan du lese meir om sosialhjelp.

Alle kommunane i Vestland har rettleiande livsopphaldssatsar for delar av livsopphaldet. Nokre kommunar har vedteke eigne satsar, men dei fleste har bestemt seg for å følgje statens rettleiande satsar. Desse satsane kan nyttast som eit utgangspunkt ved fastsetting av stønadssummen, men stønaden skal sikre eit forsvarleg livsopphald for søkjaren. Det avgjerande er derfor kva behov du har.

Det er viktig å vere klar over at sosialhjelp til buutgifter og straum kjem i tillegg til det som inngår i livsopphaldssatsane. Du kan også ha rett til hjelp til dekking av andre utgifter, som til dømes utgifter til innkjøp av ved til oppvarming. 

Du må utnytte andre moglegheiter først

Du har ikkje rett til sosialhjelp før du har utnytta alle reelle moglegheiter til å forsørge deg sjølv. Dette kan til dømes vere gjennom lønsarbeid eller trygderettigheiter, bruk av oppsparte midlar eller realisering av formuesgjenstandar. Du vil derfor ikkje ha rett til sosialhjelp dersom du kan få hjelp gjennom andre ordningar, eller har oppsparte midlar eller verdigjenstandar som ikkje er nødvendige for livsopphaldet.

Sosialhjelpa gir ikkje mykje rom for luksus, men du skal ha nok pengar til å kunne oppretthalde ein levestandard på eit rimeleg og nøkternt nivå.

Det er ikkje alle utgifter Nav gir sosialhjelp til å betale. Du har rett til hjelp til å dekke daglege nødvendige utgifter. Du kan i særlege tilfelle også få hjelp utover dette, men du vil sjeldan få sosialhjelp til å betale gjeld.

Nav skal tilby økonomisk rådgjeving

Økonomiske vanskar kan vere del av eit større sakskompleks, og Nav skal tilby økonomisk rådgjeving til dei som har behov for slik hjelp. Slik rådgjeving kan ofte avklare kva moglegheiter du har til å auke inntektene dine, utnytte økonomiske midlar, omdisponere eigne midlar og redusere utgifter. På nav.no han du lese meir om økonomi- og gjeldsrådgjeving.

Føremålet med økonomisk rådgjeving er tredelt:

  • å førebyggje økonomiske problem
  • å forsøke å løyse akutte økonomiske problem
  • å bidra til å finne heilskaplege og varige løysingar for dei som har behov for økonomisk rehabilitering

Dersom noko av dette gjeld deg, bør du vurdere å sende ein søknad til Nav, eller kontakte Nav for meir informasjon om dei sosiale tenestene i Nav.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.