Ingen har rett på sosialhjelp frå Noreg under opphald i utlandet

Det er skilnad mellom dei forskjellige ytingane som Nav administrerer når det gjeld rett på stønad på utanlandsturar, og ein kan berre ha rett på sosialhjelp når ein er i Noreg.

Publisert 23.02.2022

Det hender vi får spørsmål frå personar som synest det er urettferdig at ein kan miste sosialstønaden dersom ein reiser ut av landet, medan andre får behalde ytinga frå Nav. Dette gjeld til dømes dei som får uførepensjon. Vårt svar på slike spørsmål er at ingen har rett på sosialhjelp frå Noreg under opphald i utlandet, for denne lova gjeld berre for dei som oppheld seg i Noreg.

Sosialtenestelova gjeld berre for dei som oppheld seg i Noreg

Det står i paragraf 2 i sosialtenestelova at reglane om tenester etter denne lova gjeld for alle som oppheld seg i riket.

Arbeids- og velferdsdirektoratet har i oppgåve å tolke sosialtenestelova, og direktoratets tolkingar er samla i rundskriv 35 til sosialtenestelova. I punkt 1.2.1 i rundskrivet slår direktoratet fast at: «Det avgjørende er at personen faktisk oppholder seg i landet, loven gjelder ikke for personer som oppholder seg i utlandet.»

I sosialtenestelova paragraf 2 står det også at Kongen kan gi forskrifter om bruk av lova for personar som oppheld seg i utlandet, men som har tilknyting til Noreg, men slik forskrifter ligg ikkje føre. Som klageinstans og tilsynsmyndigheit må vi difor leggje til grunn at ingen har rett på sosialhjelp frå Noreg under opphald i utlandet.

Nav kan, sjølv om dei ikkje må

Sjølv om lova ikkje inneheld nokon rett på sosialhjelp i utlandet, så inneheld ikkje lova noko forbod mot at Nav kan gi slik hjelp. Om dette skriv Arbeids- og velferdsdirektoratet i rundskriv 35 punkt 4.18.1:

«Bestemmelsens primære mål er å sikre alle som oppholder seg lovlig i Norge et forsvarlig livsopphold. Krav om opphold i landet er imidlertid ikke til hinder for at en mottaker av økonomisk stønad kortvarig oppholder seg i utlandet, for eksempel på ferie, når dette anses hensiktsmessig for den enkeltes eller familiens behov og er avklart med NAV-kontoret på forhånd.»

Det er opp til Nav å avgjere om dei skal gi sosialhjelp under slike kortvarige opphald i utlandet. Vi hjå Statsforvaltaren kan ikkje pålegge Nav å gi sosialhjelp i slike tilfelle. Vi kan berre pålegge Nav å gi sosialhjelp i dei tilfelle der Nav har plikt etter lova til å gi slik hjelp.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.