Ikkje alle livsopphaldsutgifter er inkludert i dei statlege rettleiande satsane for økonomisk stønad

I rundskriv A-1/2025 skriv Arbeids- og inkluderingsdepartementet beløpa i satsane for 2026, og dei klargjer kva slags utgifter beløpa omfattar. Dei skriv også om kva for livsopphaldsutgifter dei ikkje har tatt omsyn til ved fastsetjing av beløpa.  

Publisert 10.02.2026

Mange kommunar har bestemt at Nav-kontoret i kommunen skal nytte dei statlege rettleiande retningslinjene når dei behandlar søknader om økonomisk stønad. I rundskrivet om retningslinjene står det informasjon om satsbeløpa. Det er viktig at Nav-kontora merkar seg kva for utgifter som er omfatta i desse, og kva for utgifter som ikkje er det. I årets rundskriv står det to avsnitt om dette. Det står:

«Dei rettleiande retningslinjene omfattar utgifter til det løpande, daglege livsopphaldet som mat, klede, medier og kommunikasjon, samt hushalds- og hygieneartiklar og tek vidare omsyn til andre sider av dagleglivet, som fritid og sosiale behov. Utgifter til anna som er nødvendig, som bustad, straum og oppvarming, internett og breiband, bustad- og innbuforsikring, innbu og utstyr, transport og utgifter til organiserte fritidsaktivitetar for barn, inngår i livsopphaldet, men er ikkje inkludert i grunnlaget for dei rettleiande retningslinjene, ettersom dette er utgifter som varierer mykje.

Avhengig av den konkrete situasjonen kan også andre utgifter vere del av livsopphaldet. Slike utgifter er heller ikkje inkludert i grunnlaget for dei rettleiande retningslinjene.» 

Arbeids- og velferdsdirektoratet har i rundskriv 35 til sosialtenestelova, under punkt 4.18.1.5, presisert at Nav må vurdere hjelpebehov og stønadsnivå konkret og individuelt, og at dei blant anna må avklare kva for utgifter som eventuelt ikkje er inkludert i retningslinjene.

Helseutgifter er eit eksempel på utgifter som kan vere nødvendige livsopphaldsutgifter, men som ikkje er inkludert i grunnlaget for statens satsar. I rundskriv 35 punkt 4.18.2.45 har direktoratet skrive om slike utgifter, og det går fram at personar som har slike utgifter ofte vil ha behov for ei tilleggsyting.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.