Fleire i Vestland fekk sosialhjelp i 2022

14 716 personar fekk sosialhjelp i fjor. Dette er ein auke på 7,2 prosent frå året før. Det er lågare auke i Vestland enn i Noreg som heilskap.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.03.2023

På landsbasis var det 8,7 prosent fleire sosialhjelpstilfelle i 2022 enn i 2021.

Både i 2020 og i 2021 var det reduksjon i talet på mottakarar av sosialhjelp i Vestland. No har altså trenden snudd, og talet aukar att.

Berre tre av kommunane i Vestland hadde færre sosialhjelpsmottakarar i 2022 enn året før: Stad kommune hadde åtte færre, Ullensvang hadde seks færre og Aurland hadde ein færre enn i 2021.

Tabellen under viser dei ti kommunane i Vestland med flest sosialhjelpsmottakarar i 2022:

Kommune

Sosialhjelpsmottakarar

Endring

Bergen 6784 + 0 %
Øygarden 999 + 5 %
Alver 628 + 21 %
Askøy 577 + 4 %
Sunnfjord 465 + 4 %
Voss 443 + 29 %
Bjørnafjorden 435 + 25 %
Kinn 351 + 22 %
Stord 290 + 7 %
Sogndal 265 + 20 %

Dei tre kommunane med færrast sosialhjelpsmottakarar i 2022 er Solund med 10, Fedje med 14 og Hyllestad med 19.

Heile oversikta over mottakarar av sosialhjelp i Vestland i 2022 finn du i dette dokumentet.

I høve til folketalet

Rekna i høve til folketalet utgjorde talet sosialhjelpsmottakar 2,2 prosent av innbyggartalet i Vestland i 2022.

Dei tre kommunane med størst andel sosialhjelpsmottakar er Modalen (5,3 prosent), Ulvik (4,5 prosent) og Eidfjord (4,2 prosent). Dei to med færrast er Aurland (1,2 prosent) og Solund (1,3 prosent).

Heile oversikta for sosialhjelpsmottakarar i høve til folketalet finn du i dette dokumentet.

Barn i familiar som fekk sosialhjelp

Dei tala kommunane har rapportert inn til Statistisk sentralbyrå viser at det er 6 130 barn i dei familiane i Vestland som mottok sosialhjelp i 2022. Dei fem kommunane med flest barn i slike familiar er:

Kommune

Barn i familiar som fekk sosialhjelp

Bergen 2133
Øygarden 455
Askøy 330
Alver 316
Kinn 296

Heile oversikta over barn i familiar som fekk sosialhjelp i 2022 finn du i dette dokumentet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.