Fire tolkingsbrev frå Arbeids- og velferdsdirektoratet

Direktoratet har tolka sosialtenestelova når det gjeld sosialhjelp til bil, britiske borgarar, personar utan lovleg opphald og depositum for husleige.

Publisert 07.06.2022, Sist endret 12.05.2023

Dei fire breva er skrivne som svar på spørsmål frå tre forskjellige statsforvaltarar. Breva avklarar nærare korleis sosialtenestelova er å forstå på dei nemnde områda, og korleis Nav og statsforvaltarane skal praktisere regelverket. Lenkjer til alle breva finn du under «Dokument».

Sosialhjelp til bil

Utgifter til kjøp av bil og utgifter til det å ha bil  vil normalt liggje utanfor det ein kan få sosialstønad til. Likevel må Nav vurdere kvar søknad for seg, og avklare om sosialstønad til bil er nødvendig i det aktuelle tilfellet.

Sosialhjelp til britiske borgarar

Etter at Storbritannia og Nord-Irland gjekk ut av EU kjem ikkje borgarar derfrå inn under dei særskilte reglane for EU-borgarar. Utgangspunktet er difor at Nav må behandle britiske borgarar etter dei same reglane som gjeld for såkalla tredjelandsborgarar.

Sosialhjelp til personar utan lovleg opphald

Personar som ikkje har lovleg opphald i Noreg, og heller ikkje kan få statleg innkvartering, har rett til økonomisk stønad og hjelp frå Nav til å finne mellombels bustad i en kort periode. Det vil seie fram til vedkomande i praksis kunne reist ut av landet. Føresetnaden for å få hjelp er at vedkomande er i ein naudssituasjon.

Depositumsgaranti frå private tilbydarar

Direktoratet ser ikkje bort frå at Nav i enkelte tilfelle kan avslå ein søknad om depositumsgaranti for husleige, eller stønad til å betale depositum, ved å vise til at sosialhjelpssøkjaren kan kjøpe privat depositumsgaranti. Dei skriv at Nav likevel må ha ein høg terskel for å avslå sosialhjelp til depositum og grunngi avslaget med at den som søkjer om sosialhjelp kan kjøpe depositumsgaranti frå ein privat tilbydar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.