Ekstra stønad i desember 2022

Stortinget har vedtatt auka tilskot til kommunane med hundre millionar kroner slik at mottakarar av sosialstønad kan få ei ekstra utbetaling før jul.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.12.2022, Sist endret 20.12.2022

Mange kommunar har i fleire år gitt ei ekstra utbetaling til sosialhjelpsmottakarar før jul, og nokre gir også ekstra pengar i samband med andre religiøse høgtider.

Ekstra pengar i år

Stortingets ekstra løyving tilsvarar ytterlegare tusen kroner ekstra til mottakarar av sosialhjelp og tusen kroner ekstra per barn i hushaldet. Dette kjem i tillegg til andre ordningar.

Kommunane får dei ekstra hundre millionar kronene gjennom auka rammetilskot etter gjeldande fordelingsnøkkel. Her kan du lese statsrådens brev til kommunane og statsforvaltarane.

Arbeids- og inkluderingsministeren ber kommunane betale ut pengane så raskt som mogleg, og på den måten som den enkelte kommune finn mest føremålstenleg.

Vi oppmodar kommunane til å informere på nettsidene sine om korleis dei vil betale ut ekstra tilskot til dei av kommunens innbyggjarar som har rett på det.

Treng ikkje søknad

Det er dei som har fått sosialhjelp i desember 2022 som er målgruppe for den ekstra stønaden. Nav-kontoret i kommunen har oversikt over kven dei har gitt stønad til, og kan betale ut den ekstra stønaden utan at mottakarane må sende søknad.

Vi tilrår at Nav betalar ut den ekstra stønaden med ein gang, og lagar eit skriftleg vedtak om utbetalinga i ettertid. Vidare tilrår vi at Nav gjer ei forenkla saksbehandling, og heimlar vedtaket i sosialtenestelova paragraf 19.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.