Dei som får sosialhjelp kan klage på korleis stønaden blir delt opp

Stønadsmottakarar kan klage på korleis utbetalinga blir delt opp i perioden dei får sosialhjelp. Årsaka er at Arbeids- og sosialdepartementet har bestemt at utbetalingshyppigheit er ein del av einskildvedtaka til Nav.  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.09.2021

Eit vedtak om tildeling av økonomisk stønad er eit einskildvedtak, som mellom anna inneheld opplysningar om kor mykje stønad den enkelte er tildelt, kva periode stønaden gjeld for og om det eventuelt er stilt vilkår ved tildelinga. Vedtaket har også opplysningar om kor ofte stønaden skal betalast ut, men fram til no har dette ikkje vore del av det som stønadsmottakaren kan klage over. 

Vi tok opp denne problemstillinga med Arbeids- og velferdsdirektoratet, og dei sende spørsmålet til departementet. Departementet har bestemt at Navs avgjerder om utbetalingshyppigheit er ein del av einskildvedtaket. Klikk på lenkjene under «Dokument» for å lese vårt spørsmål, og svara frå departementet og direktoratet.

Sosialhjelp for ein månad om gangen er framleis det som er vanleg

Avgjerda får ikkje direkte konsekvens for utbetalingshyppigheita av sosialhjelp. Utbetaling for ein månad om gangen vil framleis vere det vanlege, og Nav kan framleis gi stønad med utbetaling for kortare periodar, til dømes ein gong i veka.

Vi legg til grunn at Nav må utbetale sosialhjelp til husleige for ein månad om gangen, fordi husleiga til vanleg må betalast for ein månad om gangen. Det same gjeld for sosialhjelp til straum og andre rekningar som gjeld ein heil månad. Nokre rekningar, som til dømes forsikring, kan gjelde for eit heilt år, og i slike tilfelle må Nav ta omsyn til dette.

Nav må grunngje oppdeling av utbetaling

Det er særleg når det gjeld sosialhjelp til mat og andre daglegvarer at Nav kan velje å dele opp utbetalinga til å gjelde for kortare periodar. Nav må då grunngi dette skriftleg, til dømes ved å vise til at Nav har erfart at stønadsmottakaren har problem med å styre økonomien sin slik at pengane varar ein heil månad. Når nokon har slike problem bør Nav til vanleg også tilby økonomisk rådgjeving, eventuelt gjeldsrådgjeving.

No kan altså stønadsmottakaren klage over Navs avgjerd om utbetalingshyppigheita dersom ho eller han er ueinig. Klagen må sendast til det Nav-kontoret som gjorde vedtaket. Dersom Nav ikkje endrar avgjerda slik klagar ønskjer, må Nav sende saka til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.