Krav om helseattest frå fylte 80 år

Sjølv om Stortinget har vedteke å be Regjeringa om å fjerne alderskravet til helseattest ved fornying av førarkort, vil Samferdselsminister Knut Arild Hareide utgreie konsekvensane før endringa kan tre i kraft.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.04.2021

Til førarar:

Dette betyr at førarar frå fylte 80 år framleis må legge fram helseattest for å få nytt tidsavgrensa førarkort på trafikkstasjonen, i tråd med regelverket i førarkortforskrifta § 4-1.

Til legar:

Det er vanlegvis fastlegen som skriver ut helseattester. I desse sakene har legen ei seleksjonsrolle på vegner av Statens vegvesen - og ikkje ei behandlarrolle. Dette attestasjonsarbeidet er ikkje rekna som helsehjelp, som det er klagerett på. Førarkortinnhavar står likevel fritt til å be ein annan lege om ei ny vurdering.

Helseundersøkinga skal, i følge § 5 i vedlegg 1 i førarkortforskrifta, som tidlegare også omfatte vurdering av kognitiv funksjon uavhengig av alder. Dersom legen er usikker på om helsekrava (i førarkortforskrifta vedlegg 1) er oppfylte kan legen nytte kognitive testar på legekontoret, henvise til spesialist, eller eventuelt oppmode Statsforvaltaren om ei praktisk køyrevurdering, dersom dette kan vere teneleg for å avklare spørsmålet.

Samferdselsministeren si vurdering og svar til Stortingsrepresentant Hoksrud.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.