Førarkort og eldre - nye aldersgrenser

Frå 19. juni 2019 er aldersgrensene for krav til helseattestar endra. Samstundes blir det presisert at det ikkje er eit krav at alle eldre skal bli testa med såkalla kognitive testar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.08.2019
  • Aldersgrensa for krav om helseattest frå lege er no blitt 80 år. Grensa var tidlegare 75 år.
  • Når ein er over 80 år, kan ein ikkje få helseattest for meir enn 3 år.  
  • Det er ikkje krav til å utføre kognitive testar på alle eldre som skal fornye førarkortet.

Det er framleis obligatorisk å vurdere hjernefunksjonane hos alle som skal få helseattest til førarkort. Endringa er ei presisering av at det ikkje er eit krav om at alle som skal ha helseattest også må gjennomføre kognitive testar.

Kognitive testar

Med alderen vil mange hjernefunksjonar bli svekka som ein del av den naturlege aldringa. Mange ulike aldringsfenomen påverkar evna til å vere ein trygg sjåfør. Difor skal ein lege som er utrygg på vurdering av køyreevnene utføre nokre enkle kognitive testar.

Det er ikkje alle mindre utslag på kognitive testar som tilseier at køyreevna er påverka. Difor skal legen alltid sjå testresultata i saman med annan informasjon om personen. Dette kan til dømes vere om det er teikn til demens, endring av åtferd eller til dømes sjukdommar som kan svekke hjernefunksjon.

Dersom lege eller psykolog er i tvil om at ein person er trygg som sjåfør, kan dei og støtte seg på resultat av køyrevurderingar, vurderingar frå andre faggrupper eller spesialistar. Vi rår legar og psykologar til å nytte Statens vegvesen sine trafikkstasjonar til praktiske køyrevurderingar. Slike tilvisingar skal helsepersonellet sende til Fylkesmannen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.