Utviklingsprosjekt for sosiale tenester i Nav

Det skjer mykje spanande utviklingsarbeid på Nav-kontora i Vestland. Vi hjå Statsforvaltaren bidrar med tilskot til 25 utviklingsprosjekt for dei sosiale tenestene.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.06.2022, Sist endret 28.06.2022

I år har vi tildelt til saman 17,5 millionar kroner i prosjektmidlar til 35,5 stillingar i dei 25 prosjekta. I samsvar med reglane for tilskotsordninga kan vi gi tilskot i til saman tre år per prosjekt. Du finn meir informasjon om tildeling og regelverk under «Lenkjer». 

Føremålet med tilskotsordninga er å stimulere til utvikling av sosiale tenester og tiltak i kommunane etter sosialtenestelova. Ordninga skal støtte opp om nasjonale mål og prioriteringar, og dei to overordna måla for tilskotsordninga er:

  • eit heilskapleg og samordna tenestetilbod tilpassa brukarane sine behov
  • auka kvalitet på dei sosiale tenestene

Fram til no har vi møtt prosjekta våre i Teams-møte, og vi har sett det store engasjementet prosjektmedarbeidarane har for å vidareutvikle gode sosiale tenester. Etter sommarferien skal vi møte alle prosjekta på ei fysisk samling for første gang etter pandemien.

Vi presenterer her dei 25 utviklingsprosjekta med nokre ord om kvar av dei, som vi har henta frå søknadane Nav-kontora sende til oss.

Nav Askøy - Team ung veiviser

Oppstartsår: 2020

Målgruppe: Unge i alderen 18-24 år, med sosiale eller økonomiske utfordringer     

Målsetting: Overgang til arbeid, utdanning eller aktivitet

Stikkord om prosjektet: Tett og koordinert oppfølging

Nav Ullensvang - Kartlegging av barnefamiliar

Oppstartsår: 2021

Målgruppe: Sosialhjelpsmottakar som har mindreårige barn

Målsetting: Ivareta barn i levekårsutsette familiar og hjelpe foreldre inn i jobb

Stikkord om prosjektet: Gi rom for å gå djupare inn i kvar enkelt sak for å finne gode og varige løysingar

Nav Solund - Eit framtidsretta og førebyggjande Nav-kontor

Oppstartsår: 2020

Målgruppe: Barnefamiliar og brukarar med behov for sosiale tenester, i alderen 18-67 år

Målsetting: Sosial inkludering og færre med sosialhjelpsbehov

Stikkord om prosjektet: Vri den daglege arbeidsmåten i retning førebygging av sosialt problem

Nav Stord - Jobben

Oppstartsår: 2021

Målgruppe: Personar med nedsett arbeidsevne

Målsetting: Auka overgang til arbeid

Stikkord om prosjektet: Ein-til-ein-oppfølging av ei utvald gruppe brukarar

Samarbeid mellom Stord, Bømlo, Fitjar og Tysnes, med Stord som verts-Nav-kontor - Individuell jobbstøtte (IPS)

Oppstartsår: 2020

Målgruppe: Menneske med rusmiddelvanskar og/eller psykiske vanskar

Målsetting: Ordinær jobb

Stikkord om prosjektet: Tett oppfølging og tett samarbeid med helsevesen og arbeidsgjevarar

Nav Bjørnafjorden - Posterus

Oppstartsår: 2020

Målgruppe: Unge under 30 år

Målsetting: Motivere og hjelpe til arbeidsliv og utdanning

Stikkord om prosjektet: Gruppetiltak med siktemål å styrke ungdom og tilknytting til arbeidslivet

Nav Kvinnherad - Oppsøkjande lag

Oppstartsår: 2022

Målgruppe: Ungdom og unge vaksne

Målsetting: Hjelpe inn i ordinært arbeid og i utdanning

Stikkord om prosjektet: Komme tidlegare i kontakt med hjelpetrengande som Nav slit med å nå

Samarbeid mellom Nav Lærdal og Nav Aurland, med Lærdal som verts-Nav-kontor - Springbrettet

Oppstartsår: 2019

Målgruppe: Arbeidssøkjarar med særlege utfordringar

Målsetting: Meiningsfull yrkesretta aktivitet, utdanning eller jobb

Stikkord om prosjektet: Tett dialog med brukaren med oppfølging av arbeidsplassar

Nav Bergen nord - Veien videre

Oppstartsår: 2019

Målgruppe: Unge i alderen 18-29 år som ikke har nytte av etablert hjelpetilbod

Målsetting: Arbeid, utdanning eller meiningsfull aktivitet

Stikkord om prosjektet: Kontaktetablering, kartlegging, vurdering av tiltak og oppfølging i tiltak

Nav Bergenhus - Jobbmilen

Oppstartsår: 2019

Målgruppe: Arbeidssøkjande 18-30 år, som ikkje har hatt nytte av andre hjelpetiltak

Målsetting: Komme i lønna arbeid etter ei tid

Stikkord om prosjektet: Tett på brukane i alle fasar, og vere lett tilgjengeleg for brukarane

Nav Årstad - Overgangsveileder i NorA

Oppstartsår: 2020

Målgruppe: Deltakarar som er ferdige i introduksjonsprogrammet

Målsetting: Rask overgang til arbeid, utdanning og sjølvforsørging

Stikkord om prosjektet: Sikring av sårbare overganger mellom ulike tenester

Nav Bergen vest - Aktiv oppfølging

Oppstartsår: 2020

Målgruppe: Unge i alderen 16-24 år som står i fare for å falle ut av skole/opplæring

Målsetting: Sikre den sårbare overgangen frå skole til vaksenliv

Stikkord om prosjektet: Tilby gode øvingsarenaer for skolegang, aktivitet og arbeidstrening

Nav Bergen sør – Klar til arbeid/aktivitet (KlarA)

Oppstartsår: 2021

Målgruppe: Mødrer som er heimeverande, låginntektsfamilar og innvandrarar

Målsetting: Auke føresetnadene for å komme i inntektsgjevande arbeid

Stikkord om prosjektet: Opplæring i digitalt verktøy og fokus på aktivitetsretta mot arbeidslivet

Nav Bergen nord - Tidleg intervensjon i skulen

Oppstartsår: 2021

Målgruppe: Unge som nettopp har droppa ut av vidaregåande opplæring

Målsetting: Fleire gjennomfører vidaregåande skulegang, færre på stønad

Stikkord om prosjektet: Tidlegare intervensjon frå Nav si side ovenfor denne målgruppa

Nav Bergenhus - Sosiale medier (SoMe) - Gjeldsrådgiving

Oppstartsår: 2021

Målgruppe: Personar med gjeldsproblem

Målsetting: Gjere gjeldsrådgjeving meir tilgjengeleg

Stikkord om prosjektet: Bruke Facebook og sosiale medier som Snapchat, Instagram, podcastar mv

Samarbeid mellom Nav Luster og Nav Sogndal, med Luster som verts-Nav-kontor - Interkommunal jobbspesialist

Oppstartsår: 2020

Målgruppe: Personar under 30 år med rus og/eller psykiske vanskar

Målsetting: Arbeid på den ordinære arbeidsmarknaden

Stikkord om prosjektet: Individuell jobbstøtte, i samarbeid med andreline-tenestene (helsetenestene)

Nav Sogndal - Jobblyst

Oppstartsår: 2020

Målgruppe: Unge under 30 år med sosialstønad som inntekt

Målsetting: Stimulere til jobblyst og overgang til inntektsgjevande arbeid

Stikkord om prosjektet: Gruppeaktivitetar der deltakinga er individuelt tilpassa

Nav Fensfjorden - Marknadskontakt

Oppstartsår: 2019

Målgruppe: Brukarar med sosialhjelp som hovudinntekt

Målsetting: Arbeid i ordinært arbeidsliv

Stikkord om prosjektet: Tett oppfølging av brukarar og planmessig kontakt med næringslivet

Nav Fensfjorden - Ansvarleg ungdom

Oppstartsår: 2021

Målgruppe: Unge under 25 år, som går på vidaregåande skule eller på ungdomsskule

Målsetting: Hindre at unge pådreg seg uødig gjeld på vegen inn i vaksenlivet

Stikkord om prosjektet: Vere "økonomisk helsesøster" med utgangspunkt på Austrheim vidaregåande skule

Nav Øygarden - Tverrfagleg ungdomslos

Oppstartsår: 2021

Målgruppe: Unge i alderen 16-25 år (og offentleg tilsette som arbeider med ungdom)

Målsetting: Samarbeid mellom Nav, helse og skule i oppfølginga av unge

Stikkord om prosjektet: Tverrfagleg samlokalisering, systematisk tilnærming og formalisert samarbeid

Nav Øygarden - Øygarden-modellen

Oppstartsår: 2019

Målgruppe: Unge som er uten arbeid og ikkje er i utdanning

Målsetting: Overgang til arbeid eller utdanning

Stikkord om prosjektet: Møte ungdomane på deira kommunikasjonsarenaer

Nav Kvam - Trivselsvaktmeister

Oppstartsår: 2021

Målgruppe: Vanskelegstilte på bustadmarknaden, sosialhjelp, flyktningar og RoP (rus og psykiatri)

Målsetting: Forsvarleg og varig busituasjon

Stikkord om prosjektet: Tverrfagleg bustadsosialt arbeid

Nav Bergenhus - Ka `no?

Oppstartsår: Under oppstart

Målgruppe: Primært unge i alderen 16-24 år, som er folkeregistrert i Bergen

Målsetting: Endringsarbeid med målsett om jobb eller skule/utdanning

Stikkord om prosjektet: Samarbeid med Spillhuset og Redningsselskapet om aktivitetar på land og til sjøs

Nav Bømlo - Barn har noko viktig å seie

Oppstartsår: Nytt prosjekt i 2022

Målgruppe: Barn i familiar som er mottakarar av økonomisk sosialhjelp

Målsetting: Sikre at barn får medverke i forhold som vedkjem dei

Stikkord om prosjektet: Kartleggje barns gjennom samtale med barna, i tillegg til samtale med foreldre

Nav Kinn - Koordinerte tenester til barnefamiliar

Oppstartsår: Under oppstart

Målgruppe: Barnefamiliar som er mottakarar av økonomisk sosialhjelp

Målsetting: Tenestetilbodet til barnefamiliane skal bli heilskapleg og samordna

Stikkord om prosjektet: Tverrfagleg samarbeid skal sikre at familiane får likeverdig tilgang på sosiale tenester ved at rådgjevarane til Nav har felles ansvar for tenestene til brukarane

Fleire presentasjonar?

Vi har ein plan om å fortelje litt meir om kva prosjekta har oppnådd. Slike presentasjonar tenker vi å gje på nettsida vår når eit prosjekt sluttar eller nærmar seg slutten på treårsperioden.

Les også nettsaka vår om sosial inkludering.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.