«Posterus»

Vi kan gje statleg tilskot til treårige prosjekt for å utvikle dei sosiale tenestene ved Nav-kontora, og frå 2020 til 2023 hadde Nav Bjørnafjorden prosjektet «Posterus». Vi har lyst å fortelje litt om prosjektet.

Publisert 13.11.2023

Nav Bjørnafjorden ønskte å starte gruppetiltak for unge i eigen regi. Tiltaket skulle vere for unge i utanforskap. Namnet «Posterus» betyr «kommande» og skal vise til at dei unge har framtida føre seg. Namnet er laga av deltakarar i tiltaket.

Det er eit mål at prosjekt som mottek støtte frå oss, skal føre til gode og varige tiltak som styrkar dei sosiale tenestene i kommunen, og Posterus har blitt eit fast tiltak ved Nav Bjørnafjorden.

Kva kan vere gode grep for andre i Nav?

Det å vere tilgjengeleg for dei unge, har vore ein suksessfaktor. Tiltaket har eit eige direkte telefonnummer som dei unge alltid kan ringe. Deltakarar som er ferdige i Posterus har også høve til å ringe viss dei har bruk for hjelp.

Det er viktig å vere to gruppeleiarar på samlingane, ikkje berre grunna sikkerheit, men også for dynamikken i gruppa. Ungdomane er ulike som personar, og har ulike behov, og det er derfor ein fordel at kollegaer kan utfylle kvarandre og spele på lag. Det er viktig å rekruttere engasjerte personar til denne type jobb, og ein må kunne by på seg sjølv og bruke humor: «Vi forventar ofte at ungdomane skal fortelje og dele mykje om seg sjølv, da må vi også dele noko.»

Posterus har hatt høg oppmøteprosent til no. Dei tek personleg kontakt med kvar deltakar før gruppetiltaket startar, for å gi informasjon. Gjennom samtalen blir det avklart om Posterus er rett tiltak eller ikkje. Dei finn kanskje ut at prosjektmedarbeidar kan hjelpe den unge rett ut i arbeid, og då er det ikkje behov for deltaking i Posterus.

«Helge er i praksis det som var intensjonen med Nav – ei dør inn!»

Dette seier kollegaer om prosjektmedarbeidar Helge Kleppe. Posterus har bidrege til meir samarbeid i Nav-kontoret. Nav kunne vere slik at venstre hand ikkje visste kva høgre hand heldt på med. Slik er det ikkje no. Helge har lagt til rette for at heile  kontoret har eigarskap til Posterus. Det er også godt forankra i leiinga.

Gisle Hesjedal, som er ein av rettleiarane, er utdanna økonom. Økonomi er eit tema som har fenga ungdomane. I starten hadde dei dette som tema éin dag, men på grunn av stor interesse har dei auka til tre dagar.

Posterus avsluttar kvar gruppe med å spørje korleis dei unge har opplevd tiltaket, og dei får svært positive attendemeldingar. Dei spør også om dei unge ville ha anbefalt tiltaket til ein venn, og har fått fleire ungdommar rekruttert til Posterus gjennom tidlegare deltakarar. På denne måten blir Posterus ein veg inn til Nav for unge som treng Nav si hjelp, men kanskje ikkje veit korleis dei skal gå fram.

Posterus har som mål å inkludere unge gjennom arbeid og aktivitet, men dei har også avdekka andre sosiale utfordringar som dei unge har. I dei tilfella har prosjektet bidrege til å avklare rettigheiter og informere om andre instansar i hjelpeapparatet. Posterus har hatt fokus på ungdomane som heile menneske, og at alle har ressursar dei kan ta i bruk, til tross for utfordringar.

Det har vore inspirerande, lærerikt og gøy for Statsforvaltaren å følgje utviklinga til Posterus. Nav-kontoret har vore nytenkjande og kreative i måten dei har utvikla tiltaket. Dette til gevinst for dei unge menneska som blir inkludert i samfunnet.

Vi ønskjer lukke til vidare.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.