«Oppsøkjande team»

Dette prosjektet hjå Nav Kvinnherad har jobba med oppsøkjande metodikk for å finne unge i kommunen som treng støtte og hjelp til å komme seg i aktivitet. Vi vil i denne nettsaka fortelje litt om prosjektperioden deira.

Publisert 22.04.2025

Prosjektet starta opp i januar 2022. Dei brukte i starten mykje tid på innsikt, blant anna gjennom forsking, dokumentarar og tiltak som hadde jobba med same målgruppe, og prosjekt er blitt evaluert undervegs.

Møte dei unge der dei er

Målgruppa i prosjektet er ungdom som lever i utanforskap, utanfor arbeidsretta aktivitet og utdanning, og ungdom som står i fare for å falle ut av utdanning eller som bryt kontakta med Nav eller andre tenester. Målet med oppfølginga er at ungdommen kjem i ordinært arbeid eller utdanning. For dei ungdommane som ikkje er i stand til å meistre det, vil målet vere å hjelpe dei å få dei tenestene dei kan ha rett på, og i tide.

I byrjinga fekk prosjektet innsikt frå ein ungdom som sjølv hadde vore utan aktivitet, arbeid og utdanning. Hen fekk koma med innspel og tilbakemeldingar på den hjelpa og oppfølginga hen fekk (hjelp til sjølvhjelp). Prosjektet har vore opptekne av brukarmedverknad, at dei unge skal vere med å forme modellen, og at ein må oppsøkje unge der dei er og ikkje vente på at dei går inn døra til Nav-kontoret.

Nav Kvinnherad hadde ei styringsgruppe og ei prosjektgruppe i arbeidet, og har undervegs vore aktivt ute i media for å informere innbyggjarane om prosjektet. Dei har også tilgjengeleg kontaktinformasjon på kommunens nettside. Dei har jobba aktivt med forankring i heile prosjektperioden.

Kva er eit «Oppsøkjande team»?

«Oppsøkjande team» er metoden i arbeidet. Det sosialfaglege arbeidet består av tverrfagleg arbeid med andre instansar som jobbar med ungdom, i tillegg til oppsøkjande arbeid ut mot ungdommen. Dei jobba utifrå at ungdommane aktivt må sei nei til oppfølging dersom dei ikkje ynskjer det, og opplever at det er få ungdommar som takkar nei. Ungdomskontakten oppsøkjer aldri ein ungdom åleine, men koplar på aktuell kollega i Nav, som vert med i møte.

Ein av dei viktigaste suksessfaktorane for prosjektet er at dei har hatt tid og moglegheit til å følgje opp ungdommar så tett og hyppig som trengs for å hjelpe dei på vegen vidare, og det at dei har vore fleksible og villige til å møte ungdommane der dei er. Samarbeid med andre etatar og einingar som arbeider med ungdommar i same målgruppe, har vore ein viktig ressurs.

Dei opplever at det er få ungdommar som tek kontakt på eiga hand. I hovudsak er det foreldre, politi, skole, barnevern, ungdomslos, Utekontakten, foreldrestøtteteam, og i nokre tilfelle naboar som har meldt frå om aktuelle ungdommar. Dei jobbar tett med skular, Oppfølgingstenesta og Rettleiingstenesta, som tek kontakt om ungdommar som står i fare for å falle ut av skulen.

Utan ansikt

Resultatet av prosjektet syner at det finst ungdom i utanforskap i kommunen som treng å bli funne, kartlagt og hjelpt vidare.

Kvinnherad kommune har valt å implementere «Oppsøkjande team» som eit fast tilbod. Dette gjennom å tilsette ein ungdomskontakt fast i Nav-kontoret som skal jobbe etter modellen til prosjektet. I prosessen for å få dette til la prosjektmedarbeidarane fram arbeidet sitt for politikarane i Levekårsutvalet. Her stod dei opp for ungdommane «utan ansikt» som aldri vil be om hjelp sjølv.

Nav Kvinnherad er opptekne av viktigheita av førebyggjande arbeid som ikkje kan målast eller teljast. Dei planlegg å starte eit gruppetiltak for ungdom, i tråd med ungdomsplikta og sosialtenestelova paragraf 20a, og det vil då bli aktuelt å kople ungdomskontakten på dette arbeidet.

Nav Kvinneherad har jobba strukturert og systematisk i heile prosjektperioden, og dei har jobba med utgangspunkt i kva unge treng. Dei har innretta tilbodet slik at ungdommen får eit ansikt og at deira behov, ressursar og moglegheiter vert synlege for andre.

Vi er glade for at dette vert eit fast tilbod i Kvinnherad kommune og ønskjer lukke til med det vidare arbeid.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.