Koordinerte tenester til barnefamiliar

Nav Kinn har gjennom eit prosjekt jobba med å forankre barneperspektivet i kontoret, og har med det gitt dei tilsette eit kompetanseløft. Vi vil i denne nettsaka fortelje litt om prosjektperioden deira.

Publisert 27.06.2025

Prosjektet starta opp i 2022. Dei brukte i starten mykje tid på innsikt, blant anna gjennom kvalitative intervju med eit utval brukarar og dialog med Nav-tilsette.

Betre koordinerte tenester til barnefamiliar

Målet for prosjektet var å etablere gode rutinar for å sikre at barnefamiliar som treng tenester frå Nav får eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Dei ville også sikre at det vart gjort vurderingar av barnas beste i saker som omhandlar barn, og at desse vurderingane vart dokumenterte.

Rutine for samhandling

Den interne samhandlinga ved kontoret var ikkje formalisert, og dei såg eit behov for å sikre samhandling, særskilt for brukarar med omsorg for barn og med behov for både statlege og kommunale ytingar. Dei utarbeida derfor ein rutine mellom sosialtenesta og den statlege delen av Nav som seier at når ein tilsett avdekker at det er behov for samhandling om ein brukar, eller brukaren har behov for andre tenester i Nav, skal ein be om samtykke og kontakte aktuell kollega direkte.

Ein av suksessfaktorane var det å få etablert ein praksis om at samhandlinga rundt brukaren er alle sitt ansvar, og at ein faktisk tar kontakt med ein kollega på vegne av brukar, og ikkje berre informerer om at brukaren kan gjere det. Dette omfattar også kontakt med andre tenester i kommunen.

Merksemd på barnas beste

Kontoret mangla rutine for å dokumentere vurderingar av barnas beste i saker som omhandlar barn. Prosjektet har difor hatt merksemd på at ein vurdering av barns beste skal gjerast av alle i kontoret. I 2024 vart det statlege sakshandsamingssystemet for journalføring forbetra, etter innspel frå blant anna Nav Kinn, noko som forenkla dette arbeidet.

I mars 2024 kom det ein ny rettleiar til Nav-tilsette for vurdering av barnas beste. Dette ga prosjektet «vind i ryggen» for det vidare arbeidet, og den nye rettleiaren vart gjennomgått i fellesskap på kontoret. Erfaringa er at dei tilsette gjennom dette vart meir bevisste på å vurdere barns behov i avgjerder som påverkar familien.

Felles fagleg løft

Prosjektet har omhandla opplæring og kompetanseutvikling for dei tilsette, med fokus på å utvikle god samhandling og gode og dokumenterte vurderingar av barnas beste.

I løpet av prosjektperioden vart det gjennomført kvalitative intervju med eit utval Nav-brukarar med barn, for å få deira erfaring frå møte med Nav. Brukarane kom med konkrete råd og tips til Nav om korleis dei kan gi gode og heilskaplege tenester til familiar. Dette ga viktig innsikt til prosjektarbeidet. Funn frå intervjua vart presentert for alle ved kontoret, noko dei tilsette tilbakemeldte som eit positivt løft. Heile kontoret har vore involvert i prosjektarbeidet, noko som har gitt eit felles fagleg løft.

Vegen vidare

Gjennom arbeidet med prosjektet har Nav Kinn forbetra interne rutinar for samhandling og fått tydelegare retningslinjer som skal sikre at barn sin situasjon vert vurdert, noko som igjen kan føre til at familiar med barn får raskare tilpassa hjelp. Vi har fått høyre at dei tilsette har fått auka kompetansen til å kunne identifisere barnas behov, har fått større forståing for korleis foreldra sin situasjon påverkar barna, og for korleis Nav kan gi støtte som gagnar heile familien.

Nav Kinn vil halde fram med å ha fokus på barnets beste, og skal frå 1. september starte med felles samhandlingsmøte i kontoret der barneperspektivet er eit fast tema. Dei har også utarbeida ein samhandlingsrutine med barneverntenesta med presisering av roller, ansvar og rutinar for det samarbeidet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.