Likestilling i trus- og livssynssamfunn

Trus- og livssynssamfunn som mottar statstilskot må jobbe for å oppnå ein viss kjønnsbalanse i dei styrande organa.

Publisert 18.02.2026

Endringar i lova

Frå årsskiftet er det endringar i lov om trus- og livssynssamfunn (lovdata.no). Endringane inneber at trus- og livssynssamfunn som mottar statstilskot etter lova, må forplikte seg til å jobbe for å oppnå 40 prosent kvinner og 40 prosent menn i styrande organ. Kravet gjeld også for Den norske kyrkja.

Nytt medlemskrav

Det er dessutan endringar i medlemskravet for at et trus- eller livssynssamfunn skal kunne bli registrert og motta tilskot etter lova. Trus- og livssynssamfunna må etter nyttår ha 100 medlemmar for å kunne motta statstilskot. Tidlegare var kravet 50 medlemmar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.