Inntektsgrensene for fri rettshjelp vert heva frå 1. januar 2022

Inntektsgrensa for einslege vert heva til kr. 320 000, og grensa for ektefeller og sambuarar vert heva til kr. 490 000.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.12.2021

I nokre typar saker kan du få økonomisk støtte til juridisk rådgiving eller støtte til å føre ei rettssak for domstolane. For å få fri rettshjelp må du ha ei inntekt som ligg under inntektsgrensene i rettshjelplova. Frå nyttår blir inntektsgrensene endra. 

  • Inntektsgrensa for einslege blir 320 000 kroner.
  • Inntektsgrensa for ektefellar og sambuarar blir 490 000 kroner.

I bestemte sakstypar får du fri rettshjelp uavhengig av kva du har i inntekt og formue. 

Dei nye inntektsgrensene skal gjelde i saker der søknad om fri rettshjelp kjem inn etter at forskrifta tek til å gjelde frå 1. januar 2022. Formuesgrensa vert uendra.

Samstundes med at inntektsgrensa går opp, aukar den offentlege salærsatsen frå 1085 til 1121 kroner frå 1. januar 2022.

Les meir om fri rettshjelp på denne sida. 

Bruk gjerne rettshjelpskalkulatoren vår for å finne ut om du kan ha rett på fri rettshjelp. Merk at dei nye satsane gjeld frå 1. januar. Ta kontakt med Statsforvaltaren eller ein advokat dersom du treng fri retthjelp. 

 

Her kan du lese meir om endringane på rettshjelpsområdet frå 1. januar 2022 (regjeringen.no).

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner