Regionale samlingar om gode lokalsamfunn og berekraftige tenester

Den regionale koordineringsgruppa for Bu trygt heime inviterer til samlingar for kommunane i Vestland. Erfaringsdeling på tvers av kommunar og lokalsamfunn står på dagsorden. 

Publisert 26.01.2026

Bu trygt heime er ei langsiktig, heilskapleg satsing, som skal bidra til at fleire kan leve gode liv i eigen heim og nærmiljø lengst mogleg. For å lukkast med dette trengst det brei deltaking, samskaping og evne til å endre arbeidsmåtar i takt med samfunnsutviklinga.

Samlinga legg til rette for at kommunane får

  • dele erfaringar knytt til arbeidet med utvikling av gode lokalsamfunn og berekraftige tenester, slik at innbyggjarane kan leve gode liv heime lengst mogleg.
  • gje innspel til kva kommunane treng for å lukkast med dette arbeidet.

Programmet for samlingane blir likt: 

  • Innleiing frå koordineringsgruppa – Korleis jobbar me for å støtte kommunane sitt arbeid?
  • Erfaringsdeling
    • Kva er me gode på?
    • Kva utfordringar har me i arbeidet?
    • Kva kan me gjere for å lukkast?
  • Korleis kan det regionale nivået vere gode støttespelarar i arbeidet?

Fem samlingar

Stad

Dato 

Kommunar

Bergen 9. mars Bergen, Vaksdal, Alver, Modalen, Masfjorden, Austrheim, Fedje, Gulen, Askøy, Øygarden, Osterøy
Stord 12. mars Etne, Stord, Bømlo, Sveio, Fitjar, Austevoll, Tysnes, Kvinnherad
Øystese 17. mars Bjørnafjorden, Samnanger, Kvam, Voss, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik
Leikanger 23. mars Vik, Aurland, Luster, Sogndal, Høyanger, Lærdal, Årdal
Skei 24. mars Stad, Gloppen, Stryn, Sunnfjord, Askvoll, Bremanger, Fjaler, Kinn, Hyllestad, Solund

Vi ønskjer brei deltaking

Vi ønskjer at ein representant frå kommunen har oversikt over påmelde frå sin kommune. Ta kontakt med kommunen din om du er interessert i å delta. Informasjon og påmeldingsskjema er sendt til kommunane. Påmeldingsfristen er sett til 5. februar. 

Vi ønskjer brei deltaking frå målgruppene. Eldrerådet bør vera representert på samlinga. I utgangspunktet har me plass til fem deltakarar frå kvar kommune.

Målgruppe:

  • kommunale leiarar og nøkkelpersonar innan
    • samfunns-, areal- og bustadplanlegging
    • folkehelse, kultur og lokalsamfunnsutvikling
    • tenesteutvikling i helse og omsorg
    • arbeidsgjevar-/kompetanseutvikling
  • medlemmer i eldreråda
  • andre sentrale medspelarar i satsinga

Vi ser fram til nyttige og engasjerande dagar saman!

Den regionale koordineringsgruppa for Bu trygt heime består av Statsforvaltaren i Vestland, Vestland fylkeskommune, Husbanken, KS, fylkeseldrerådet og Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.