Vårt system for risikovurdering

Kva kommunar, skular eller barnehagar vi opnar tilsyn med, vert styrt av risiko. Det betyr at vi vel å føre tilsyn der vi meiner sannsynet for brot på regelverket er størst. Vi vurderer også kva som er konsekvensane av brot på regelverket. Fylkesmannen har fleire kjelder som kan seie oss noko om dette, som til dømes Elevundersøkinga og innrapportering i BASIL.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.08.2020

Risikovurderingar er utgangspunktet for alle våre tilsyn

Før vi opnar eit tilsyn, gjennomfører vi ei vurdering av risiko. Vi definerer risiko som resultatet av sannsynet for, og konsekvensen av, eit brot på regelverket.

Når vi skal vurdere risiko, må vi for det første vurdere kor sannsynleg det er at eit krav i regelverket ikkje vert oppfylt. Då må vi sjå på både kva tema for tilsynet skal vere, og hos kva tilsynsobjekt vi meiner det er mest sannsynleg at det er brot på regelverket.

Vidare må vi vurdere konsekvensane av eit eventuelt brot på regelverket. Ved å vurdere konsekvensen av eit mogleg brot på regelverket, kan vi velje dei tema der brot på regelverket har mest negative konsekvensar.

Kva brukar vi risikovurderinga til?

Risikovurderingar skal styre:

  • Kva tema vi vel å føre tilsyn med
  • Kva barnehage, skule eller kommune vi vel å føre tilsyn med
  • Når vi skal gjennomføre tilsynet

Kjelder til informasjon om risiko

Kjelder til informasjon om konsekvensen av brot på regelverket

Signal frå til dømes stortingsmeldingar og media kan vere uttrykk for kva tema som samfunnet ser på som viktige å etterleve. Dette kan indikere at brot på regelverk som gjeld desse tema, gjev alvorlege konsekvensar. Andre kjelder til informasjon om konsekvensen av brot på regelverket kan vere nasjonale satsingar og kampanjar, eller forskingsresultat. Tema for tilsyn kan til dømes vere skulemiljø, grunnskoleopplæring til vaksne eller retten til spesialpedagogisk hjelp.

I sentralt initierte tilsyn har nasjonal myndigheit vurdert risiko for ulike tilsynstema på nasjonalt nivå.

Kjelder til informasjon om kor stor risiko det er for brot på regelverket

Når vi skal gjere ei risikovurdering, må vi finne ut kva kjenneteikn eller indikatorar som kan seie noko om kor sannsynleg det er at ein skule, barnehage, kommune eller fylkeskommunen bryt regelverket knytt til forskjellige tema.

Vi har mange ulike kjelder som kan fortelje oss noko om dette. For eksempel har vi fleire sektoromspennande kjelder som kan gje oss informasjon om nesten alle barnehagane, skulane eller kommunane i fylket. Til dømes har vi Elevundersøkinga, rapportering i BASIL og GSI eller standpunkt- og eksamenskarakterar. Desse kjeldene gjer mellom anna at vi kan sjå kommunane samla. Frå dei årlege undersøkingane eller innrapporteringane, kan vi også sjå utvikling over tid.

Vi har også fleire kjelder som kan gje oss informasjon om ein enkelt barnehage, skule eller kommune. Det kan vere meldingar frå enkeltpersonar, eller informasjon frå klagesaker eller tidlegare tilsyn.

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 04.11.2021

Tilsyn på opplæringsområdet 2021

Statsforvaltaren har i oppdrag å føre tilsyn med kommunane etter barnehagelova og opplæringslova. I vår fann vi regelverksbrot i 14 av 15 kommunar. Alle våre tilsyn blir opna på bakgrunn av ei vurdering av risiko for brot på regelverket.