Tilskot til kompetanseutvikling i barnehage og grunnskole
Frå 1. januar 2026 gjeld ei ny statleg tilskotsordning for kollektiv kompetanseutvikling i barnehage og grunnskole. Ordninga gir kommunar og private barnehage- og skuleeigarar høve til å søkje om midlar til kompetanseutvikling som er forankra i lokale behov.
Frist for å melde inn behov er 31. mars 2026.
Kva er målet med ordninga?
Ordninga skal styrkje profesjonelle læringsfellesskap i og mellom barnehagar og grunnskolar, og bidra til utvikling av kvalitet i praksis basert på lokale behov. Ho erstattar den regionale ordninga for kompetanseutvikling i barnehage, den desentraliserte ordninga for kompetanseutvikling i grunnskole og vidaregåande opplæring, samt kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis.
Kompetansetiltaka skal vere kollektive og gjennomførast i partnarskap med universitet eller høgskular, eventuelt i samarbeid med fagskular eller andre relevante kompetansemiljø. Partnarskap mellom universitet eller høgskule og praksisfeltet skal bidra til å styrkje kvaliteten både i barnehage og skole og i lærarutdanningane.
Kven kan delta i kompetansetiltaka?
Målgruppa for kompetansetiltaka er barnehagelærarar, lærarar, leiarar og andre tilsette i offentlege og private barnehagar, grunnskolar og SFO, samt i førebuande opplæring for vaksne. Ordninga omfattar også tilsette i PP-tenesta, kulturskulen og andre relevante kommunale tenester som samarbeider tett med barn og elevar.
Kven kan få tilskot?
Tilskot kan tildelast til kommunar, private barnehagar godkjende etter barnehagelova, private skolar godkjende etter privatskolelova, universitet og høgskular, fagskular og andre relevante kompetansemiljø.
Slik melder de inn behov for kompetanseutvikling
Kommunar og private barnehage- og skuleeigarar skal årleg melde inn behov for kollektiv kompetanseutvikling. Behovsmeldinga skal utarbeidast i samarbeid med universitet, høgskule, fagskule eller anna relevant kompetansemiljø, vere lokalt forankra i tråd med hovudavtalen og vise at tiltaket oppfyller krava til ordninga.
Kommunale barnehage- og skuleeigarar melder behov via kompetanseregionen. Private barnehage- og skuleeigarar sender behovsmeldinga direkte til Statsforvaltaren. Alle søkjarar skal nytte gjeldande behovsmeldingsskjema.