Rettleiar til kommunen og fylkeskommunen om vedtak om ikkje å fastsette standpunktkarakter i fag - vaksne

Vaksne deltakarar har rett til å klage på vedtak om ikkje å fastsette standpunktkarakter i fag.

Publisert 07.04.2025

Vaksne deltakarar har rett til å klage på vedtak om ikkje å fastsette standpunktkarakter i fag, jf. opplæringsforskrifta § 10-5, dersom dei meiner at gjeldande reglar for fastsetting av standpunktkarakter ikkje er følgt, jf. opplæringsforskrifta § 9-16. Kommunen/fylkeskommunen må gi deltakarar informasjon om klageretten. Sjå Statsforvaltaren sin rettleiar til vaksne deltakarar.     

Kva må opplæringsstaden gjere når dei har mottatt klagen? 

Opplæringsstaden må først vurdere om klagen skal takast til behandling. Klagefristen er 10 kalenderdagar. Dersom klagen blir avvist, skal opplæringsstaden fatte vedtak om det. Det er klageåtgang på eit avvisingsvedtak, og opplæringsstaden må opplyse om dette i sitt avvisingsvedtak. 

Opplæringsstaden kan etter å ha vurdert klagen og tatt den til følge, velge å omgjere karakteren til gunst for deltakaren. Dersom opplæringsstaden sjølv justerer karakteren opp for deltakaren, skal saka ikkje sendast til Statsforvaltaren. Dette er i tråd med moglegheita til å omgjere sitt eige vedtak i forvaltningslova § 33. Opplæringsstaden må fatte nytt vedtak. Vedtaket skal grunngjevast og deltakaren får ny rett til å klage. På Utdanningsdirektoratet si nettside kan de lese meir om kva som er nytt i reglane om klage på sluttvurdering:  Hva er nytt i reglene om klage på sluttvurdering? | udir.no

Opplæringstaden må sende saka til Statsforvaltaren dersom karakteren ikkje blir endra til gunst for deltakaren.

Kva må opplæringsstaden sende til Statsforvaltaren? 

Sjå merknadane til § 10-5 Klage på vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag (Udir)  for ytterlegare informasjon om punkta under. 

  1. Klagen 
  2. Ei grunngjeving for at det ikkje er fastsett standpunktkarakter 

o   enkeltvedtak om ikkje å fastsette standpunktkarakter i fag kan berre grunngjevast med at faglærar ikkje har tilstrekkeleg vurderingsgrunnlag, då fråværsgrensa som gjeld for elevar ikkje gjeld for vaksne.

    • dersom grunngjevinga er manglande vurderingsgrunnlag, må det visast til eleven sin kompetanse opp mot kompetansemåla, kva kompetansemål faglærar ikkje har vurderingsgrunnlag i, og kvifor.
  1. Ei uttale om skulen si saksbehandling der skulen stadfestar at faglærar si grunngjeving oppfyller krava i regelverket. Det må visast til at deltakaren har blitt gjort kjent med kva som blir vektlagt i vurderinga, og kva som kan føre til at det ikkje blir fastsett standpunktkarakter i fag. Skulen skal også vise til når varselet blei gitt. 
  2. Kopi av varsel etter opplæringsforskrifta § 9-7.
  3. Eventuell anna relevant informasjon.

Saksdokumenta skal sendast til Statsforvaltaren via vårt elektroniske skjema.  

  • Opplæringsstaden skal sende kopi av saksdokumenta til klagar.  
  • Det er svært viktig at opplæringsstaden oppgir rett informasjon og adresse til klagar i oversendinga til Statsforvaltaren. 

Korleis behandlar Statsforvaltaren klagen? 

Statsforvaltaren skal vurdere om kommunen/fylkeskommunen sitt vedtak om ikkje å fastsette standpunktkarakter er i tråd med reglane i opplæringsforskrifta §§ 9-16 og 9-8 om fastsetting av standpunktkarakter i fag og reglane om varsling, jf. opplæringsforskrifta § 9-7.  

Resultatet frå klagebehandlinga kan vere at Statsforvaltaren stadfestar opplæringsstaden sitt vedtak, eller opphevar vedtaket. I saker der vi opphevar vedtaket, blir saka sendt tilbake til opplæringsstaden for ny behandling. Opplæringsstaden kan fastsette ein karakter eller oppretthalde vedtak om ikkje å gi standpunktkarakter. Dersom opplæringsstaden fastset ein karakter i den nye behandlinga, utløyser dette fornya klageåtgang. Det same gjeld dersom nytt vedtak om IV blir gjort på eit anna grunnlag enn det opphavelege vedtaket. Dersom deltakaren ikkje er varsla i tråd med opplæringsforskrifta § 9‑7, skal det fastsettast ein karakter for deltakaren. 

Opplæringsstaden skal sende kopi av nytt vedtak til Statsforvaltaren.

Statsforvaltaren kan avvise klagen dersom det ikkje er klaga innan fristen, eller reglane i forvaltningslova ikkje er oppfylt.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.