Rett til bedriftsopplæring i Vg3 i skule

Illustrasjonsfoto. (Pixabay)

Vaksne i vidaregåande opplæring som skal føre fram til yrkeskompetanse har rett til bedriftsopplæring i Vg3 i skule, dersom dei ikkje får læreplass. Det er fylkeskommunen som har plikt til å tilby slik opplæring.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.03.2021

At ungdom i ordinær vidaregåande opplæring har ein slik rett går direkte fram i opplæringslova. Fordi lov og forskrift ikkje nemner vaksne i vidaregåande opplæring såg Statsforvaltaren i Vestland behov for å få avklart om vaksne har ein tilsvarande rett. Det var vår vurdering at dei vaksne ikkje vil vere sikra moglegheita å fullføre opplæringsløpet, dersom dei ikkje har ein tilsvarande rett som ungdommar. Det var derfor viktig å få avklart spørsmålet, og vi retta ein førespurnad til Utdanningsdirektoratet om ei avklaring av regelverket.

I svaret frå Utdanningsdirektoratet vert det konkludert med at vaksne har rett til bedriftsopplæring i Vg3 dersom dei ikkje får læreplass. Utdanningsdirektoratet viser til at vaksne til vanleg har rett til eit tilbod om opplæring i samsvar med den sluttkompetansen dei ønskjer, og til å fullføre opplæringsløpet. Utan ein rett til bedriftsopplæring i Vg3 i skule vil dei vaksne ikkje ha moglegheit til å fullføre opplæringsløpet, skriv Utdanningsdirektoratet. Dette må sjåast i samanheng med at verken ungdom eller vaksne har rett til opplæring i bedrift.

Du kan lese svaret frå Utdanningsdirektoratet her.  

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner