Skulane opnar for alle elevar frå 11. mai

Grunnskular og vidaregåande skular skal opne for alle trinn i løpet av veke 20. Det er ein føresetnad at dei følgjer krava til smittevern.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.05.2020

Frå måndag 11. mai opnar skulane igjen.

«Jeg vet at noen skoler er klare for å åpne allerede fra mandag, mens andre vil trenge noen flere dager på å forberede seg. Det blir derfor opp til kommunene og skolene å finne ut når i løpet av neste uke de kan åpne», seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby. Alle elevane skal vere tilbake på skulen innan 15. mai 2020.

Fylkesmannen i Vestland har hatt dialog med alle kommunane, etter at 1.–4. trinn var attende, om vidare gjenopning av skulane. Nokre kommunar melde frå om god plass og nok personale til å ta imot dei andre elevane. Men dei aller fleste kommunane sa at dei ville få utfordringar knytt til både areal og pedagogisk personale.

Skuleeigarane får stor fridom til å gjere lokale tilpassingar når ein skal opne opp for dei andre elevane. Mogelege tilpassingar kan vere delvis undervisning på skule og delvis vidareføring av heimeundervisninga for dei eldre elevane. Elevane på 1.–4. trinn skal så langt som mogeleg ha si undervisning på skulen.

Du finn meir informasjon om opninga i pressemeldinga frå regjeringa, og på Utdanningsdirektoratet sine nettsider. På Utdanningsdirektoratet sine nettsider finn du og oppdaterte smittevernrettleiarar og støttemateriell.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.