Samarbeid om tenester til barn, unge og deira familiar

Stortinget vedtok nye føresegner for å styrke oppfølginga av utsette barn, unge og deira familiar. Lovendringa trådde i kraft 1. august 2022. Det føreligg no ein rettleiar som forklarar dei nye føresegnene.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.09.2022

Samarbeid og samordning

Det vil til ei kvar tid vere barn og unge som har behov for eit samansett tenestetilbod der fleire aktørar vil vere involverte.  Nokre vil ha behov for hjelp frå velferdstenester frå fødselen av, medan andre vil få behov for slike tenester undervegs. For å styrke oppfølging av utsette barn, unge og deira familiar, vedtok Stortinget nye føresegner om samarbeid, samordning, barnekoordinator og individuell plan. Oppfølginga av utsette barn, unge og deira familiar vart såleis styrka ved lovendring 1. august 2022.

Rettleiaren

Utdanningsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet og Helsedirektoratet har i fellesskap utarbeida ein rettleiar som har til formål å forklare dei nye føresegnene. I tillegg tydeleggjer rettleiaren ansvar og myndigheit, og gir råd om korleis ein kan  ivareta pliktene. Den er òg eit praktisk verktøy for implementering av dei nye og/eller endra føresegnene om samarbeid, samordning, barnekoordinator og individuell plan.

Målgruppene for rettleiaren er i hovudsak barn, unge og deira familiar.

Du finn rettleiaren på Helsedirektoratet sine nettsider.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner

Lenker