Retten til å gå på ein skule i nærmiljøet og søknad om skulebyte

Illustrasjonsbilete: Pixabay

Elevar i grunnskulen har rett til å gå på ein skule i nærmiljøet. Etter søknad kan eleven takast inn på ein annan skule enn den hen har rett til å gå på.

Publisert 10.09.2025

Retten til å gå på ein skule i nærmiljøet

Elevar har ein rett til å gå på ein skule i «nærmiljøet». Dette følger av opplæringslova § 2-6 første ledd første setning. Denne føresegna er heimel for nærskuleprinsippet, som inneber at barn som bur i det same området i utgangspunktet skal få gå saman på skulen, og at denne skulen skal vere ein skule i det som er det naturlege nærmiljøet til barna. I ordet nærmiljø ligg ikkje berre avstand, men også tilknyting.

Tildeling av skuleplass og forskrift om skulekrinsgrenser

Kommunane kan tildele skuleplass anten ved fastsetting av forskrift om skulekrinsar, eller ved å gjere enkeltvedtak.  

Forskrift om skulekrinsar gir ei oversikt over kva områder i kommunen som soknar til kvar skule. Kommunen kan til dømes bestemme at alle i ei gate eller i eit bustadfelt skal høyre til same skulekrins. Det vil her følge direkte av forskrifta kva skule ein elev har rett til å gå på, noko som kan sikre ei føreseieleg og lik behandling for innbyggarane i kommunen. Det er ingen klagerett for elevar som blir tildelt skuleplass etter forskrift, men ein kan søke om å få gå på ein annan skule enn den ein etter krinsgrensene har rett til å gå på, jf. § 2-6 andre ledd. Ein slik søknad skal svarast ut i eit enkeltvedtak etter forvaltningslova, med tilhøyrande klagerett. Enkeltvedtak må også gjerast der kommunen avviker frå skulekrinsgrensene vedteke i forskrift, til dømes der den skulen eleven har rett til å gå på ikkje har ledig kapasitet.     

For kommunar som ikkje har forskrift, må det gjerast enkeltvedtak etter forvaltningslova om tildeling av skuleplass til kvar einskild elev. Ein kan klage på dette vedtaket.

Sjølv om kommunen har vedteke ei forskrift om skulekrinsgrenser, er vurderinga av kva skule eleven har rett til å gå på, likevel den same. I denne vurdering skal kommunen legge «særleg vekt» på kva skule som ligg nærast heimen. I forarbeida går det fram at kommunen skal fordele elevane mellom dei tilgjengelege skulane, med utgangspunkt i den fysiske avstanden mellom bustadadressa til barnet og skulen (reiseveg, ikkje luftlinje). Det kan også bli lagt vekt på omsynet til topografi, trafikkforhold og kapasiteten på skulane, og det at barn i same nabolag skal få gå på same skule, jf. § 2-6 første ledd tredje setning. Dette vil seie at naturlege forhold, som elver og fjell, kan innebere at den skulen som reint faktisk ligg nærast heimen, ikkje alltid vil vere den skulen eleven har rett til å gå på. Tryggleiken på skulevegen, kapasiteten på skulane, omsynet til sysken eller andre individuelle forhold kan også få vekt i den totale vurderinga. Også slike forhold kan, etter ei konkret heilskapsvurdering, vege tyngre enn avstanden til skulen. 

Kapasitet

Den kommunale forskrifta kan opne for unntak frå skulekrinsgrensene dersom den skulen eleven i utgangspunktet har rett til å gå på, ikkje har ledig kapasitet. Kva kapasitet ein skule har til å ta imot elevar, kjem an på dei lovpålagde pliktene som kommunen har for skuledrifta. Ingen klasser eller grupper skal vere større enn det som er trygt og forsvarleg, eller gå ut over skulen sitt fysiske miljø. Skulen skal også drivast på ein helsemessig tilfredsstillande måte. I denne samanhengen er det relevant å sjå til Helsedirektoratet sine anbefalingar om arealnormer for skular.     

Dersom ein elev ikkje får plass på den skulen hen har rett til å gå på fordi denne er full, skal kommunen gjere enkeltvedtak om kva skule eleven har rett til å gå på. Foreldra har rett til å uttale seg før kommunen gjer vedtak, og dei kan i den forbindelse komme med eit ønske om kva skule barnet skal få plass på.   

Eleven kan berre gå på éin skule – delt foreldreansvar/delt fast bustad

 Det klåre utgangspunktet er at eleven sin rett til å gå på ein bestemt skule berre gjeld i den kommunen der eleven bur. Dette følgjer av samanhengen til opplæringslova § 28-1,   som seier at kommunen skal oppfylle retten til grunnskuleopplæring for «dei som bur i kommunen». Med andre ord har ikkje ein kommune plikt til å gi grunnskuleopplæring til elevar som ikkje er busett i kommunen.  

I forskrift til opplæringslova § 21-1, er ein elev rekna som busett i den kommunen «der foreldra eller den av foreldra som har omsorga for barnet, bur». Bustadkriteriet er i utgangspunktet ikkje avhengig av folkeregistrering, men av kor barnet faktisk har sin heim. I praksis vil det likevel vere samsvar mellom ein elev si folkeregistrerte adresse og den adressa eleven faktisk bur på. Dette er fordi barn må følge hovudregelen i folkeregisterlova § 5-1, som seier at ein person skal registrerast der han eller ho tar si regelmessige døgnkvile. Regelverket rundt folkeregisterlova § 5-1 er klart på at det berre er mogleg å vere folkeregistrert på éi adresse.

Kva skjer dersom ein flyttar?

Når ein flyttar og får ny folkeregistrert adresse, vil ein som oftast flytte inn i ein annan skulekrins. Ein får då tilhøyrsle til ein ny skule. Dersom ein ønsker å fortsetje på den gamle skulen, bør ein snakke med rektor på den gamle skulen om dette. Ein må sannsynlegvis søke skriftleg om å få fortsetje. Det er kommunen som skuleeigar som vurderer søknaden.  

Søknad om skulebyte

Dersom ein elev ønsker å gå på ein annan skule enn den hen har rett til å gå på, kan ein søke kommunen om dette. Dette følger av opplæringslova § 2-6 andre ledd. Det å få innvilga ein slik søknad er ikkje ein rett eleven har, og vurderinga er derfor underlagt kommunen sitt frie skjønn. Fritt skjønn inneber at kommunen har ein viss fridom til å velje om ein søknad skal innvilgast. Eleven sitt beste skal vere eit grunnleggande omsyn, og kommunen sitt skjønn står derfor ikkje heilt fritt. Statsforvaltaren kan prøve alle sider av saka, men vi skal legge stor vekt på omsynet til det kommunale sjølvstyret ved prøvinga av det frie skjønnet, jf. forvaltningslova § 34. 

Dei fleste kommunane har eigne retningslinjer og prosedyrar knytt til søknad om skulebyte, og må behandle søknadane i tråd med desse retningslinjene. Slike retningslinjer skal vere tilgjengeleg på kommunen sine nettsider.

Det er elles viktig å vere merksam på at eit vedtak om å innvilge eleven plass på ein annan skule enn den eleven har rett til å gå på, ikkje kan setje til side retten andre elevar har til å gå på ein skule i sitt nærmiljø.  

Søknad om skuleplass i ein annan kommune

I dei tilfella skulen ein ønsker å byte til er i ein annan kommune, vil ein innvilga søknad vere avhengig av to ulike forhold. For det første må bustadkommunen gå med på å betale for at eleven skal gå på skule i den andre kommunen. I tillegg må kommunen der skuleplassen er ønska, ha kapasitet til å ta imot eleven og seie seg villig til å gi eleven skuleplass. Dette er ikkje ein rett eleven har, og vurderingane er derfor underlagt kommunen sitt frie skjønn, som omtala over. 

Ved å innvilge ein elev skuleplass i ein annan kommune, må dei to kommunane inngå ein avtale om opplæringsansvaret og det økonomiske ansvaret. Fordi det inneber ein kostnad å betala for ein skuleplass i ein annan kommune, skal det noko meir til for å få innvilga skulebyte over ei kommunegrense enn ved byte internt i kommunen. Økonomi kan såleis vere eit moment for å avslå ein søknad om skulebyte over kommunegrensene, men det kan ikkje vere ein automatikk i at slike søknadar alltid blir avslått grunna økonomi. Det må også her gjerast ei konkret heilskapsvurdering av alle omsyna i saka.  

Eleven sitt beste – eit grunnleggjande omsyn 

Ved handlingar og avgjerder som vedkjem elevar, skal eleven sitt beste vere eit grunnleggjande omsyn. Dette følger av opplæringslova § 10-1, Grunnlova § 104 og barnekonvensjonen artikkel 3. Den som gjer vedtak må vise at eleven sine interesser er identifiserte, vurderte og vekta opp mot andre omsyn i saka. Statsforvaltaren skal i si klagebehandling også gjere ei individuell og konkret vurdering av eleven sitt beste.

Eleven har også ein rett til å bli høyrt, og det skal leggast vekt på meiningane deira etter alder og modning. Dette følger av opplæringslova § 10-2, Grunnlova § 104 og barnekonvensjonen artikkel 12. Det kan i forbindelse med dette vere nødvendig å avklare kva barnet si mening faktisk er, kor sterkt barnet ønsker skulebyte, kva grunngjevinga for dette i så fall er – for å få sikkert fram om det er barnet sitt eige ønske å byte skule. Utgangspunktet er at barnet skal høyrast direkte, men barnet kan òg bli høyrt gjennom andre.

Klage

Dersom ein har fått avslag på ein søknad om skuleplass eller vil klage på den plassen ein har fått tildelt i enkeltvedtak, må ein gjere det innan tre veker frå ein fekk brevet frå skulen/kommunen. Klagen må vere skriftleg, og skal sendes til den som har gjort vedtaket. I klagen skriv du kva vedtak du klagar på og forklarer kva endring du ønsker. Du bør òg skrive kvifor du ønskjer endring av vedtaket. 

Dersom den som har gjort vedtaket ikkje finn grunn til å endre det, skal skulen/kommunen senda klagen vidare til Statsforvaltaren. Her får ein enten medhald i klagen og plass på skulen ein ønsker, eller ikkje medhald. I nokre tilfelle sender vi saka tilbake til kommunen for ny behandling. Statsforvaltaren er endeleg klageinstans, ein kan derfor ikkje klage på svaret ein får frå Statsforvaltaren.

Statsforvaltaren si klagesaksbehandling

I ei klagesak vil Statsforvaltaren vurdere om eleven sin rett er oppfylt eller ikkje. Dersom eleven ikkje har fått plass på den skulen hen har rett til å gå på, vurderer vi om kommunen har gode nok grunnar for å bestemme at eleven må gå på ein annan skule.

Det å få innvilga ein søknad om skulebyte er ikkje noko ein har ein lovfesta rett til. Det er kommunen som vurderer søknaden og svarer ja eller nei, og avgjerda ligg under kommunen sitt frie skjønn. Det betyr at Statsforvaltaren berre kan endre kommunen sitt vedtak dersom kommunen:     

  • ikkje følger opplæringslova
  • har lagt til grunn feil fakta
  • ikkje har vekta eleven sitt beste opp mot andre omsyn
  • har gjort saksbehandlingsfeil
  • ikkje har fylgt god forvaltningsskikk. Det vil seie at kommunen har tatt utanforliggande omsyn, har usakleg forskjellsbehandla eller gjort eit urimeleg vedtak
  • ikkje har behandla søknaden i tråd med sine eigne retningslinjer

Reglar om klage og saksbehandling er å finne i forvaltningslova § 28 og utover. 

Kan kommunen legge ned ein skule?

Verken opplæringslova eller anna regelverk inneheld føresegner som regulerer oppretting eller nedlegging av skular. Avgjerder om skulestruktur ligg innafor kjerneområdet til den kommunale handlefridomen. Slike avgjerder må bygge på kommunestyret sine økonomiske, politiske og samfunnsmessige prioriteringar. Kommunen må likevel vurdere og vektlegge elevane sitt beste i slike avgjerder. Elevane skal heller ikkje få uforholdsmessig lang skuleveg.

Når kommunen vurderer å endre skulestrukturen, for eksempel å opprette ein skule, å legge ned ein skule, å legge ned eit trinn ved ein skule eller liknande, må saka vere forsvarleg opplyst før politikarane tar avgjerda. For at saka skal vere tilstrekkeleg opplyst er det viktig å sikre allmenn innsynsrett, og at alle involverte partar får moglegheit til å uttale seg. Dei som skal uttale seg kan til dømes vere elevråd, foreldre sitt arbeidsutval, andre brukarorgan med elever/foreldre eller andre organisasjonar med interesse i saka. Det er dei folkevalde politikarane som avgjer saka.

Les også Utdanningsdirektoratet sitt rundskriv om nedlegging av skuler og endring av krinsgrenser. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.