Rett til skuleskyss ved skulebyte

Byte til ein annan skule enn nærskulen kan ha konsekvensar for retten til skuleskyss dersom skulebytet ikkje har samanheng med retten til opplæring.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.10.2021

Retten til skuleskyss følgjer av opplæringslova og gjeld alle som bur over 4 km frå skulen sin. For elevar på 1. trinn er denne grensa 2 km. Elevar med særleg farleg eller vanskeleg skuleveg har rett på skyss utan omsyn til reiselengda.

Elevar som byter skule for å få oppfylt retten til opplæring, kan ha krav på gratis skuleskyss

Elevar som bur i gangavstand til nærskulen men byter til ein annan skule lenger borte, vil i mange tilfelle ha rett til gratis skuleskyss dersom den nye skulen ligg meir enn 2 eller 4 km unna eller skulevegen er særleg farleg eller vanskeleg.  Dette gjeld om skulebytet skuldast retten til opplæring, t.d.

  • rett til eit trygt skulemiljø
  • rett til spesialundervisning

Økonomiske konsekvensar ved skulebyte av andre årsaker

Av og til er det andre årsaker til ønske om å byte skule, som t.d. geografisk plassering, at eleven har venner/søsken på den andre skulen, eller at ein meiner den andre skulen er betre. Dersom kommunen innvilgar skulebyte av slike årsaker, kan dei setje vilkår om eigenbetaling for skuleskyss.

Det er framleis fylkeskommunen som gjer vedtak om skuleskyss på grunn av lang skuleveg

Dersom kommunen har sett vilkår om eigenbetaling ved skulebyte, vil eleven ikkje ha rett til gratis skuleskyss, og fylkeskommunen vil difor som regel gi avslag på skuleskyss på grunn av lang skuleveg. Dersom dei likevel vel å innvilge gratis skuleskyss i slike tilfelle, er fylkeskommunen sjølv økonomisk ansvarleg for skyssen.

15.januar 2021 kom det ei fråsegn frå Udir der dei går nærmare inn på fordelinga av det økonomiske ansvaret for skyss ved skulebyte. Du finn dette fråsegnet på Udir sine nettsider.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.