Resultat frå tilsyn med gjennomføringa av nasjonale prøver

Fylkesmannen har gjennomført tilsyn hjå 24 skular i åtte utvalde kommunar i Vestland. Tilsynsrapportane syner at det er mangelfull forvaltningskompetanse på mange skular, til tross for at kommunane har utarbeidde malar og retningslinjer for gjennomføring.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.05.2020

Tilsynet gjeld nasjonale prøver hausten 2019, og vart gjennomført som eit dokumenttilsyn i perioden desember 2019 til mai 2020. Kommunane det gjeld er Askvoll, Bergen, Austevoll, Fedje, Fjaler, Stryn og dei tidlegare kommunane Fjell og Radøy. Føremålet med tilsynet har vore å kontrollere om skulane gjennomfører nasjonale prøver i samsvar med forskrift til opplæringslova § 2-4.

Tema for tilsynet har vore

  • skulen si påmelding av elevane til prøvene
  • gjennomføring av prøvene
  • fritakspraksisen ved skulen
  • skulen sin forvaltningskompetanse i avgjerder som gjeld fritak frå nasjonale prøver

Ulike regelbrot Fylkesmannen har funne i tilsyna

I tidlegare Fjell og Radøy kommunar vart det ikkje funne regelbrot. I dei andre kommunane varierte regelbrota frå skule til skule. Ei oppsummering av regelbrota:

  • Enkelte av skulane har ikkje registrert rett tal elever som er fritekne frå nasjonale prøver.
  • Det er fatta vedtak om fritak frå nasjonale prøver utan at det føreligg underliggjande vedtak om spesialundervisning eller særskilt språkopplæring.
  • Skular har fatta nokre vedtak om fritak frå nasjonale prøver utan at det underliggjande vedtaket om spesialundervisning eller særskilt språkopplæring er gjeldande for inneverande skuleår.
  • Ikkje alle vedtaka om fritak frå nasjonale prøver inneheld heimel for vedtaket, eller informasjon om retten til å sjå dokumenta i saka, og manglande informasjon om klagerett.
  • Enkelte av skulane gjer ikkje alltid ei vurdering av om kor vidt prøvene vil ha mykje å seie for opplæringa til eleven før dei fattar vedtak om fritak får nasjonale prøver.
  • Fleire vedtak inneheld ikkje opplysningar om at føresette og eleven kan velje å gjennomføre prøvene sjølv om skulen gjer vedtak om fritak frå nasjonale prøver.

Tilsynsrapportar

Tilsynsrapportane til dei einskilde kommunane er tilgjengelege i tilsynskalenderen på Fylkesmannen sine nettsider.

Om dei nasjonale prøvene

Formålet med prøvene

Formålet med dei nasjonale prøvene er å vurdere i kva grad skulen lukkast med å utvikle elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i lesing, rekning og i deler av faget engelsk. Informasjonen frå prøvene skal brukast som grunnlag for kvalitetsutvikling på skular, hos skuleeigarar og på regionalt og nasjonalt nivå. Slik inngår dei nasjonale prøvene som ein del av kvalitetsvurderingssystemet. I tillegg skal prøveresultata bidra til å styrkje skulen og lærarane sitt arbeid med undervegsvurdering.

Målsetjinga til lovgivaren er at flest mogleg elevar skal delta i nasjonale prøver. Dette går fram av ordlyden i forskrifta § 2-4, i forarbeida og i formålsvurderingane.  

Påmelding til prøvene

Det går fram av forskrift til oppll. § 2-4 første ledd at elevar skal delta i prøver, utvalsprøver og andre undersøkingar fastsette av departementet. Dei nasjonale prøvene er ei av desse. Det er skuleeigaren som skal syte for at prøvene blir gjennomførte.

Vilkår for fritak frå prøvene

Elevane på 5., 8. og 9. trinn, har både rett og plikt til å delta i nasjonale prøver. To vilkår må vere oppfylte for at skulen skal ha høve til å gi fritak frå plikta til å ta nasjonale prøver:

  • Eleven får spesialundervisning, jf. oppll. kapittel 5, eller særskild språkopplæring,
    oppll. §§ 2-8 eller 3-12.
  • Og det er klart at prøvene ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa til eleven.

Når dei to vilkåra er oppfylte, er det opp til skulen sitt skjønn å vurdere om skulen ønskjer å frita eleven eller ikkje.

Fråvær og høve til ny deltaking

Skulen skal syte for å handheve den plikta eleven har til å delta i nasjonale prøver, jf. forskrifta § 2-4 første ledd. Det finst likevel legitime grunnar til fråvær på prøvedagen (for eksempel sjukdom). Skulen må derfor leggje til rette for at fråverande elevar kan ta prøva igjen, for å sikre at alle elevane har hatt tilstrekkeleg moglegheit til å delta på dei nasjonale prøvene.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.