Nytt om tidspunkt for fastsetting av standpunktkarakter våren 2021

Utdanningsdirektoratet har gått bort i frå tidlegare føringar om at standpunktkarakterar skal settast i veke 22 og 23.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.05.2021

Utdanningsdirektoratet skriv 7. mai 2021 at standpunktkarakterar skal vere i tråd med gjeldande forskrifter, og skal fastsettast ved avslutninga av opplæringa. Det er opp til skulen å avgjere kva som er avslutninga av opplæringa, men det vert oppmoda om å sette standpunktkarakter så seint som praktisk mogleg, slik at elevar som eventuelt har mista opplæringstid skal få høve til å ta igjen opplæring og vurderingssituasjonar på slutten av skuleåret.


Normalt skal standpunktkarakterar i fag med lokalt gitt eksamen fastsettast seinast dagen før skulen gjennomfører den første eksamenen i faget på det aktuelle trinnet innafor utdanningsprogrammet. Dette kravet er fråvike i den midlertidige forskrifta.
Kvar enkelt elev skal likevel få standpunktkarakter i det eine faget han eller ho eventuelt sjølv er trekt ut til eksamen i, seinast dagen før eksamen skal gjennomførast. Standpunktkarakteren må også offentleggjerast for eleven seinast denne dagen.


Her finn du heile informasjonsteksten frå Utdanningsdirektoratet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.