Nasjonale prøvar 2022

5. 8. og 9. trinn har gjennomført nasjonale prøvar, og resultata er publiserte. Vi registrerer at elevane i Vestland fylke har eit tilnærma likt resultat som landssnittet, men elevane på 5. trinnet utmerkar seg med å ha betre resultat i rekning enn snittet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.01.2023

Kva er nasjonale prøvar?

Føremålet med nasjonale prøvar er å gje skulane kunnskap om elevane sine grunnleggjande dugleik i lesing, rekning og engelsk. Informasjonen frå prøvane skal danne grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skulesystemet. Prøvane og resultata gir informasjon om enkeltelevar, grupper, trinn og skular, som lærarar og skuleleiarar treng for å utvikle skulen vidare.

For 2022 starar måling av utvikling over tid på nytt. Vi har derfor ikkje grunnlag for å samanlikna resultata frå 2022-23 med tidlegare år.

Skilnadar mellom gutane og jentene sine resultat

I Vestland fylke har gutane i 5. og 8. trinn eit betre resultat i rekning enn jentene. Gutane på 5. trinn gjer det òg betre i engelsk enn jentene. I lesing derimot, har jentene betre score enn gutane på alle trinn.

I rekning viser resultata for 5. og 8. trinn at det er færre gutar på det lægste meistringsnivået og fleire på det høgaste meistringsnivået enn resultata for jentene og landssnittet. På 5. trinnet er det ein høgre del jenter på det lægste meistringsnivået og færre på det høgaste meistringsnivået enn resultatet til gutane og landssnittet.

I engelsk gjer gutane det òg betre enn jentene på 5. trinnet, og resultata på det høgaste meistringsnivået for gutane er tilnærma likt landssnittet.

Jentene gjer det betre i lesing enn gutane på alle trinn, og jentene på 5. trinnet i Vestland gjer det betre enn landssnittet med ein margin på 6,7 %.

Vestland og resten av landet

Når vi ser på den totale scoren til fylka i landet, er det Oslo sine elevar som utmerkar seg med å ha eit betre resultat enn landssnittet i alle prøvar, på alle trinn. Elevane i Vestland har så å seie like gode resultat som landssnittet, med nokre få unntak.

5. trinn

Elevar i Vestland har eit betre resultat i rekning enn landssnittet med ein margin på 1,7 %, medan resultatet på det høgaste nivået i engelsk og lesing er under landssnittet med 0,6 %.

8.trinn

Elevane har tilnærma likt resultat som landssnittet i alle prøvar. I rekning er det ein knapp margin fleire på det nest høgaste meistringsnivået samanlikna med landet, og ein knapp margin under på det høgaste meistringsnivået. Elevane har ikkje eit betre snitt enn landssnittet i nokon av prøvane.

9. trinn

I Vestland er det ein høgre andel elevar på det nest høgaste meistringsnivået i lesing og rekning enn landssnittet. Sjølv om elevane ikkje er heilt opp til landssnittet på det høgaste meistringsnivået i nokon av prøvane er det totalt sett fleire elevar på dei to høgaste meistringsnivået i rekning enn landssnittet, og 0,7 % færre på det lågaste meistringsnivået enn landssnittet.

Resultata etter nasjonale prøvar

Den totale oversikta over resultata finn du i analysebrettet på Utdanningsdirektoratet sine heimesider.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.