Klage på standpunktkarakterar i grunnskulen

Elevar og foreldre kan klage på standpunktkarakterar, og på vedtak om å ikkje setje standpunktkarakter.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.04.2023

Elevar og foreldre skal informerast

Skulen skal informere elevar og foreldre om høvet til å klage, klagefristen og kva klagen skal innehalde. Innanfor klagefristen kan eleven krevje grunngjeving for karakterar i fag eller orden og åtferd. Eleven kan òg krevje grunngjeving for vedtak om å ikkje setje standpunktkarakter.

Klagefrist

Fristen for å klage er 10 dagar, frå melding om vedtaket kom fram til den som har klagerett, eller den som har klagerett burde ha gjort seg kjent med vedtaket. Fristen blir avbroten når den som har klagerett ber om grunngjeving for vedtaket, og ny frist gjeld frå grunngjeving er motteken.

Eleven sender klagen til skulen

Elevar under 15 år må ha skriftleg samtykke frå føresette for å klage. Klagen må vere skriftleg og underskrivast av klagaren eller nokon med fullmakt. Klagen skal sendast til skulen, og skulen sender klagen til Statsforvaltaren, med kopi til klagaren.

Skulen sender saka til Statsforvaltaren

Vi ber rektor sende inn klager via elektronisk skjema. Skjemaet finn de ved å følgje lenka i høgre marg.

Oversendinga skal innehalde:

  • Klagen
  • Faglærar si fråsegn
  • Rektor si fråsegn
  • Klagar si adresse/kontaktopplysingar

I klagesaker som gjeld orden og åtferd ber vi om å få oversendt:

  • Klagen
  • Fråsegn frå kontaktlæraren til eleven og rektor. Fråsegna skal gjere greie for kva for karakterar i orden og åtferd som har vore gitt tidlegare, kva tiltak skulen har sett i verk for å rette på forholda, og ei fyldig grunngjeving for karakteren
  • Kopi av ordensreglement
  • Utskrift av protokollen som viser korleis skulen har behandla saka
  • Dokumentasjon som viser at elev og foreldre er varsla om at karakteren kunne bli sett ned
  • Eventuell anna korrespondanse med heimen

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.