Innhald i sakkunnig vurdering og enkeltvedtak – kva krav blir det stilt?

Statsforvaltaren har ført tilsyn på spesialundervisning. Vi har funne brot på reglane om innhald i sakkunnig vurdering og vedtak, mellom anna når det gjeld kompetansemål for eleven.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.08.2022

Når ein elev er vist til PPT (Pedagogisk psykologisk teneste), skal PPT mellom anna gjere ei vurdering av kva som er eleven sine realistiske opplæringsmål i ulike fag. Læreplanverket for Kunnskapsløftet (LK20) og kompetansemåla i dei ulike læreplanane for fag skal derfor ligge til grunn for utgreiinga. Når PPT vurderer kva opplæringsmål som er realistiske for eleven, må ein sjå på kva utbytte eleven har av det ordinære tilbodet, og kva lærevanskar, læringsføresetnadar og utviklingsmoglegheiter eleven har. Her er det viktig å først slå fast kva som er innhaldet i det ordinære opplæringstilbodet, og kva moglegheiter ein har for tilpassingar innanfor det ordinære tilbodet.

Ein må og vurdere eleven sin kompetanse opp mot måla i læreplanane og den kompetansen andre elevar på same klassetrinn har opparbeidd seg. Dersom PPT vurderer at det må gjerast avvik frå dei ordinære læreplanane, må dette synleggjerast i den sakkunnige vurderinga. Opplæringsmåla eleven realistisk kan nå kan vere kompetansemåla i eit fag, eit utval av kompetansemåla, omformuleringar av kompetansemåla, eller andre mål.

Fullt avvik frå læreplan

Når PPT tilrår at dei ordinære læreplanane skal fråvikast som heilheit, må ein kome med nye opplæringsmål for eleven. Dersom eleven har behov for opplæringsmål som ikkje ligg innanfor ordinære undervisningsfag etter læreplanen, til dømes sosiale og emosjonelle mål, må det vere tydeleg kva opplæringsmål PPT tilrår.

Kompetansemål på lågare trinn

Utgangspunktet er at alle barn skal følgje kompetansemåla i dei ordinære læreplanane. Dersom ein elev ikkje skal jobbe mot kompetansemåla for sitt klassetrinn, bør den sakkunnige vurderinga normalt tilrå at eleven skal jobbe med kompetansemål for lågare trinn. Kompetansemåla i LK20 er gjennomarbeidd og utforma for at barn skal kunne oppnå dei, og for at dei skal få nødvendig kunnskap. Dersom PPT vel å lage andre opplæringsmål for eleven enn dei som finst i LK20, må opplæringsmåla dei lager grunngis særleg, i tillegg til at ein må skrive kvifor ein har valt akkurat dei. Opplæringsmål som knyt seg til ADL-trening vil til dømes måtte grunngis og spesifiserast.

Vedtak om spesialundervisning

Dersom PPT har gjort ei utgreiing og anbefaling av kva som er realistiske opplæringsmål for eleven, må den som gjer vedtak og vurdere dette. Dersom grunngivinga frå PPT er tilstrekkeleg, kan ein vise til denne. Viss ikkje, eller dersom ein gjer avvik frå den sakkunnige vurderinga, må den som gjer vedtaket kome med si eiga grunngiving og eigen konklusjon på dette punktet.

Det er berre nødvendig å gjere denne vurderinga i dei faga eleven ikkje får eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.