Informasjon om nye skjermingsreglar for Elevundersøkinga 2023

Det er frå i år nye reglar for elevundersøkinga, og publiseringa av resultat frå desse.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.03.2023

I år er publiseringsreglane for Elevundersøkinga endra. Bakgrunnen for desse endringane er nye og strengare skjermingsreglar, og at rapportportalen fasast ut. Dette vil føre til at nokre skular ikkje vil få sjå sine resultat på grunn av skjerming og at ein må nytte nye tekniske løysningar for å sjå resultata frå Elevundersøkinga.

Skjermingsreglane

Tala i Elevundersøkinga er skjerma for å ivareta personvernet til elevane. Sjølv om skjerminga ikkje er like omfattande i innlogga versjon, gjeld dei fleste skjermingsreglane her og. Små tal blir skjerma. Når eit tal blir skjerma, må òg andre tal som kan nyttast til å utleia desse tala skjermast. Ei oversikt over skjermingsreglane finn de på Utdanningsdirektoratet sine heimesider Skjermingsreglar

Nokre skular vil ikkje lenger få sjå sine resultat. Udir rår desse skulane til å ta utgangspunkt i resultata på kommunenivå, eller fylkesnivå, i kvalitetsutviklingsarbeidet. Det blir òg vist til andre måtar å arbeide med skulen sitt læringsmiljø på. Ein kan til dømes nytte Udir sin kompetansepakke Trygt og godt skulemiljø, eller kompetansetiltak innan barnehage- og skulemiljø, kor de vil finne nettressursen Egna tiltak i skulemiljø.

Rapporteringsportalar

Sidan Udir har fasa ut den tekniske løysinga ELFU (rapporteringsportalen) har ein ikkje lengre tilgang til å hente ut resultata frå Elevundersøkinga der. Skulane vil finne sine resultat i statistikkbanken og analysebrettet. Ein kan òg nytte verktøyet «Tilstandsrapport – mal og kjenneteikn på gode rapportar» for å hente ut ein tilstandsrapport med til dømes resultata frå Elevundersøkinga.

Du finn meir informasjon på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.