Endringar i mellombelse forskrifter som gjeld barnehage og skule

Forskrifter som gjeld endringar i mellombelse forskrifter om barnehage og skule blei vedtatt i statsråd 17. april 2020.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.04.2020

Det blei i statsråd 17. april fastsett nokre endringar i dei mellombelse forskriftene om tilpassingar i lovgivinga om barnehage og skule som følge av covid-19.

Det er også fastsett nokre endringar i covid-19-forskrifta knytt til gjenopninga av barnehagar og skular. Forskrifta viser til at Helsedirektoratet gjer rettleiing om smittevernfagleg forsvarleg drift. For barnehagar er dette smittevernrettleiaren som blei publisert 15. april, og for skular kjem det ei smittevernrettleiing 20. april.

Sjå endringsforskriftene og kunngjering frå Kunnskapsdepartementet i høgre marg. Du finn og meir informasjon på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.