Endring i fråværsreglane for vidaregåande skular

Elevar med symptom treng ikkje å gå til fastlegen sin for å dokumentere fråværet. Regjeringa gjeninnfører unnatak frå fråværsreglane ut skuleåret.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.11.2021

Unnataket frå fråværsreglane som gjaldt førre skuleår og til og med 10. oktober 2021 vert gjeninnført. Elevar i vidaregåande skule skal få moglegheit til å følgje smittevernråda om å halde seg heime ved symptom på sjukdom.

Endringa gjeld frå og med i dag, 5. november, og vil ha tilbakeverkande kraft. Elevar som har sjukdomsrelatert fråvær i perioden 11. oktober til 4. november kan dokumentere dette med melding frå føresette eller eigenmelding.

Du kan lese meir om denne saka på Kunnskapsdepartementes nettsider.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.